Første del av arbeidet med tunnelprosjektet er kryssinga under jernbanen. Her skal E16 gå gjennom ein 110 meter lang betongkulvert før innslaget til sjølve tunnelen.

Det eldste trelastlageret til Gjerde Bruk på Svartenakken vest for Fleischer’s Hotell er rive i løpet av siste veka. Fleire bygningar skal rivast seinare.

Spuntvegg Frå grytidleg i dag har det vore arbeidd med spuntveggen nokre få centimeter frå enden av svillene på jernbanen.

Denne veggen av jern gjer det mogeleg å driva gravearbeid på nedsida medan togtrafikken går. I dag er alle tog på Bergensbanen erstatta med buss.

Nytt jernbanespor På nedsida av spuntveggen skal det gravast plass til søre del av kulverten. Når den er ferdig, får hovudsporet på Bergensbanen ny trasé, oppå kulverten, og kulverten kan forlengjast under jernbaneområdet og inn til tunnelpåhogget.

NCC, som vann tilbodstevlinga på denne delen av prosjektet, utfører også gravearbeid på oppsida av jernbanelina i helga.