Førre veke laga programleiar Leo Ajkic reportasje frå heimen til artisten Kjersti Berge. Under intervjuet dukka katten Susie opp på terrassen.

– Er det naboen sin katt? Veit du kva vi gjer med han? Vi tar berre og kastar han. He-he-he, sa Ajkic – og kasta katten opp i lufta , over rekkverket og utfor terrassen.

Det har ført til eit ramaskrik av dei sjeldne. På lesarombodets blogg var det torsdag morgon kome nesten 400 innlegg. No er saka òg meld til politiet av Kattens Vern.

Politiadvokat Bertil Rønnestad seier til bt.no at han ikkje har satt seg inn i saka enno.

Høg «bambi»-faktor

– Kattar har høg «bambi»-faktor. Dei appellerer sterkt til kjenslene våre. Dei er mjuke og gode å ta på, og dessutan kan vi «snakke» med dei utan å bruke ord.

Slik forklarer professor Ellen Bjerkås ved Norges Veterinærhøgskole det veldige engasjementet kring kattekastet.

– Det er skrekkeleg når ein katt blir kasta utfor ein terrasse, men vi ville aldri brydd oss dersom nokon gjorde det same med ein fisk, sjølv om det dyrevernsmessig er like forkasteleg.

Bente Berget, forskar ved Universitetet for miljø— og biovitskap i Ås, seier at overgrep mot dyr vekkjer nokre av dei same reaksjonane hos oss som når det gjeld born.

– Vi vil verne dei som er svakare, og som er avhengig av vår omsorg. Det er snakk om individ som i stor grad er underlagt oss og som ikkje har moglegheit til å ta igjen, seier Berget.

Meir sky

Katteeigaren er slett ikkje samd med dei som meiner dette er uskuldig moro.

– Eg er sjokkert. Dette er ikkje noko måte å behandle eit dyr på, og eg tykkjer ikkje det er moro å påføre ein katt smerte, sa Steinar Saltvik til bt.no i går.

Han fortel at Susie på nesten eit år ikkje har merkbare fysiske skadar. Men eigaren har merka visse endringar i åtferda til pus dei siste dagane.

– Den er blitt meir sky og verkar litt redd. Forståeleg, når ein heilt utan grunn blir kasta over eit gjerde, seier Saltvik.

Skeptisk til debatt

Utgåvesjef i BTV, Ole-Bjørn Kringstad, er glad det blir stilt spørsmål ved haldninga til å kaste dyr, men er skeptisk til den usensurerte debatten som no florerer på bt.no sine diskusjonssider.

– Eg tek avstand frå at nokon er stygge med dyr. Samstundes er det skremmande å sjå at slusene blir opna for at folk kan lire av seg kva som helst. Programleiaren skal ikkje måtte tole å bli utsett for trugsmål om juling og drap sjølv om han har gjort ei dum handling, seier Kringstad.

Utgåvesjefen etterlyser ei viss overvaking av innlegga.

– Kva er verst av at ein katt blir sleppt ned nokre meter, eller at 150 menneske oppfordrar til å banke ein programleiar, spør Kringstad.

Her er Susie - før kattekastingen. Nå har hun kommet til rette igjen, ifølge eieren.
STEINAR SALTVIK