Akkurat det året kunne den rundt 3 mil lange bana ha høgtida 50 års jubileum.

Den ferske statsministeren, som også var arbeidsminister i tillegg for å ha noko nyttig å gjera (samferdselsminister vart namnet seinare), Johan Nygaardsvold, kom eins ærend over fjellet for å vera med på opningstoget. Det var ikkje berre ei ny bane, det var ei elektrisk driven bane som til og med hadde flunkande nye og skinande raude motorvogner var godt eigna som symbol for ”den nye arbeidsdagen”, då mørke minne frå tunge år skulle vika for ny optimisme.

I dag er det ikkje så mykje spor etter bana, om ein ikkje leitar og veit kva ein leitar etter. Det går framleis an å køyra nokre kilometer frå Voss stasjon til Palmafossen, og vidare inn mot Skjervet kan ein godt sjå kvar bana låg, no er det ein fin og asfaltert gang— og sykkelveg, som gjerne kan brukast når skifolket trenar på rulleski om sommaren. Tunnelen framom Skjervet er der, men han er ikkje lett å sjå i all krattskogen øvst oppe. Nede ved Granvin ser ein bana og tomta der stasjonen låg – i dag hovudverk for kommunen og Jernbaneverket, eller ressursane for ny vekst i kommunen, alt etter korleis ein ser det.

Men Granvin kommune har oppdaga noko heilt anna: Nokre kilometer opp for Granvinsfjorden, ved det idylliske Granvinsvatnet, finn du jernbanehistorie. Der ligg Nesheim stasjon, vel halden i stand og skikk av dei som held til der no. Pakkhus ligg der også, og plattformene er det ikkje så vanskeleg å leita seg til.

Ein stor stasjon – kanskje den einaste som fortener namnet mellom Voss og Granvin, kvifor finn du han her? Forklaringa er enkel: Dei måtte ha ein bygning der stasjonsmeisteren kunne bu med familien sin. Nede i Granvin høvde det ikkje, så det vart her på Nesheim.

Her er det at både kommunen og jernbaneentusiastane vil skapa eit historisk minne. Her skal det koma både spor og motorvogn. Motorvogna finn du i dag på Garnes stasjon, der dei ivrige fritidshistorikarane i Gamle Vossebanen held til. Spørsmålet er berre korleis motorvogna skal koma seg til Nesheim. Ho er korkje lang eller tung, ikkje stort meir enn eit passeleg lastebillass. Men ho må ned dei tronge svingane i Skjervet før ho er framme. Det er slikt ein kallar ”utfordringar”, men utfordringar er til for å møtast.

Granvinbana er historie, viktig historie. Ho er det vesle som er att av den store draumen om Vestlandsbana, som skulle gå frå Haugesund til Åndalsnes. Men ho er også minnet om korleis politikarar drøymde om korleis Vestlandet skulle koma seg ut av isolasjonen.

Inn Hardangerfjorden gjekk det store og raske HSD-skip som enda ferda i Granvin. Derifrå gjekk det vegar både til Ulvik og Voss. Men bygde ein bane til Voss, hadde Hardanger med eitt slag knytt seg til Bergensbana, med fri og open veg frå Nordsjøen til Oslofjorden. Akkurat som tanken om at Fylkesbaatane skulle gjera Sognefjorden til den samlande åra inn til nybygd bane frå Flåm til Myrdal, og dermed til Bergensbana.

Det var stort tenkt, og alle meinte det var rett tenkt.

Men så er det den forbaska utviklinga, då, ho som alltid tek andre vegar enn dei som politikarane har vedteke. Det kom eit utyske som heitte bilen, og bilen kravde vegar og ferjer – og eit slagord vart skapt: ”Frå sjø til land!”. Og så kom Norsk Vegplan i 1970, og alle dei hundrevis av vegstubbar vart til vegsamband og stamvegar. Til slutt kunne ein køyra ferjefritt frå Bergen til Oslo!

Sidebanane forsvann, ei etter ei. Flåmsbana greidde seg, endå ho berre fekk nokre få år i rolla som ho var tiltenkt. Indresogningane gjorde det geniale, dei gjorde banestumpen til ein verdsattraksjon. Hardingane kunne saktens gjort det same, gjerne med Granvinbana i same rolla som Flåmsbana, fram til Hardangerfjorden.

Granvin var ein gong det store knutepunktet i Hardanger, der fjordbåtane og ferjene møtte veg og jernbane. I dag er bygda på ein måte tilbake i den rolla, men no som eit vegkryss der riksveg 7 møter riksveg 13 like før Europaveg 16 tek over. Men eit vegkryss er ikkje møtestaden for menneske, det er ikkje ein gong det same som jernbanestasjonen ein gong var.

Men om alt går bra med lastebillasset, kan du minnast gamle tider og gamle draumar på ein nedlagt stasjon i Øvre Granvin!

En av de gamle vognene fra Hardangerbana som blei utrangert i 1985.ARKIVFOTO: ARNE NILSEN
Nesheim med tog.
Ulf Berntsen / Norsk Jernbaneklubb
Nesheim stasjon slik den er i dag.
Morten Pelle Korsmo / Norsk Jernbaneklubb
Flåmsbana.ARKIVFOTO: HELGE SUNDE