Ingen har budd fast i bygda Dyrdal i Sogn sidan 2002, men det særmerkte klyngjetunet i UNESCOs verdsarvområde er mykje brukt som ferie— og fritidshus.

Familiane med røter her greinar seg stadig ut. Mange ønskjer å dele frå hyttetomter til slekta.

– Frykteleg vanskeleg

Ettersom tettbygnaden i grendene i verdsarvområdet ikkje er automatisk verna, er utgangspunktet at hyttebygging i Dyrdal blir ei ordinær kommunal sak etter plan- og bygningslova.

Men da kommunen sist fredag kalla inn til synfaring, var det ikkje berre grunneigarane og Aurland kommune som dukka opp: Fylkesmannen stilte med folk frå miljøvern-, landbruk- og planavdeling. Fylkeskommunen var også representerte i tillegg til arkitekt og folk frå Aurland kommune.

Oppmøtet viser kor sensitiv saka er.

– Det overordna spørsmålet er om eit nytt hyttefelt vil medføre at det gamle klyngjetunet vil forfalle, og om hyttene vil endre utsjånaden til Dyrdal, sa rådgjevar Tom Dybwad under synfaringa.

– Neste spørsmål er rettferd; at nokon grunneigarar får byggje hytter og andre ikkje. Alt dette er frykteleg vanskeleg, og det er difor vi kjem hit for å lære, sa utsendingen frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Tre familiar – eitt hus

Grunneigarane vil ivareta kvalitetane i Dyrdal, samtidig som dei pressar på for å få byggje hytter. Slik det no er, må mange familiar dele på dei eksisterande fritidshusa.

– Det står tre eigarfamiliar bak huset vårt. Vi ønskjer å byggje hytte, vi er her veldig mykje, slår graset og høgg skog. Vårt ønske er å bruke eigedommen så mykje som råd, men treng betre tilgjenge, sa ein av grunneigarane, Inger Fjellkleiv, som har adresse Drammen.

Reguleringsplanen er ute til høring. Området som er foreslått regulert til hytter, omfattar ikkje alle grunneigarane.

– Formålet skulle jo vore at vi fekk eit sameige. Slik framlegget no er, får nokre av oss løyve til å byggje både tre og fire hytter, medan andre blir heilt ekskluderte. Det bør vere mogeleg for alle grunneigarar i Dyrdal å søkje om hyttetomt, sa ein annan av grunneigarane, Ole Magne Dyrdal.

Staten ansvarleg for arkitektur

Framlegget til reguleringsplan inneheld ni hytter. Fleire ligg innanfor 100-metersbeltet frå sjøen, to av dei på sjøsida av den eksisterande vegen.

– Dei to tomtene på nedsida av vegen er dei mest problematiske, påpeikte Tom Dybwad på møtet.

Arkitekturen er eit anna heitt tema i framtidas Dyrdal. Fagkoordinator Trond Sundby i Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner staten bør yte høgt kvalifisert arkitekthjelp.

– Dei nyare hyttene her har ein byggjeskikk som ikkje er området verdig, sa Sundby på møtet.

– Vi må få ein reguleringsplan som gjer det betre for alle partar, og det bør vere opplagt at staten har ansvaret for arkitekturen innanfor verdsarvområdet.

Sundby og fylket tek no opp dette kravet i Verdsarvrådet, i tillegg til at han vil ha stadanalysar på alle grendene innanfor UNESCO-området.

– Skal ein først byggje hytter i dette området, må det gjerast skikkeleg. Det bør vere ein arkitektkonkurranse à la den staten hadde for dei nasjonale turistvegane.

Helge Sunde
VERDSARV: Nærøyfjorden står på Unescos verdsarvliste.
Helge Sunde