TERJE ULVEDAL

— Draumen hadde vore å få Pink Floyd hit. Tenk dei med heile sitt lysshow her mellom fjella! Det trur eg ville blitt heilt fantastisk, seier Turid Ski Findebotten. Ho viser oss konsertarenaen, ein gammal innmarksteig, rydda og nyslått i høve den tilstundande festivalhelga. Eit naturleg amfi kring 100 meter over fjorden. Her skal festivalgjestene, i tillegg til musikk, få oppleve Sognefjorden på sitt villaste. I ein av dei smalaste og mest innestengde armane av fjorden reiser fjella seg meir enn 1100 meter, bokstavleg tala rett opp. Her blir det natur med dramatikk, bluesmusikk og sikkert også fantastisk akustikk.

Fråflytta i 40 år

Finnabotn er plassen ingen skulle tru at nokon kunne bu. Så hadde det då heller ikkje gjort det på 40 år før Ingebrigt Røyrvik Findebotten og Turid Ski Findebotten kom tilbake saman med dotter, svigerson, nyfødd barnebarn og fosterbarn.

Ingebrigt er fødd i Finnabotn, men bruket blei lagt ned då han var fire år. Før han tok over i 1998, hadde han berre vore tilbake på farsgarden nokre få gonger. Dei brukte fire år på å planleggje flyttinga, før dei selde bensinstasjonen og småbruket dei eigde på Røyken utanfor Oslo.

No er dei i alt åtte fastbuande tobeinte i fjordbotnen under Stølsheimen. Dessutan to arapapegøyar, fleire andre papegøyeartar, dverghøns, tre hundar, to hestar, katt og kanin. Og for ikkje å gløyme tre påfuglar, der hanen i korga er blitt reine attraksjonen der han breier ut fjørene og briskar seg for sine to høner. Og for folk som tek seg tid til å vente på at han skal finne det på sin plass med ei lita framsyning av manndom.

Og til hausten kjem nye innflyttarar, 22 kashmir-geiter. Ein kombinasjon av ryddegeiter, for å tvinge attgroinga på retur, og eit tilskot i matfatet til det som skal bli framtida for Finnabotn. For på tuftene av løa skal det reisast eit konferansesenter. Dei åtte fastbuande satsar på å skape eit levebrød av turisme.

Håpar på 500

Men no er det blues det går i, ein festival som eigentleg altså starta med ein spøk frå ein bluesfestivalveteran frå Vik. På konsertarenaen over fjorden skal det bli scene, danseflake og 300 kvadratmeter partytelt med servering. På platået er det plass til fleire tusen, om nødvending. Men så mange trur ikkje Turid Ski Findebotten det blir:

— Vi håpar på 500 betalande, og at vi om kvelden etter festivalen kan setje oss ned, lene oss tilbake og seie: WOW!

Festivalen tek til fredag med vandretur frå Finden til Finnabotnen, langs den stupbratte fjellsida som var skulevegen for ungane i botnen den gongen det var skule på Finden. Laurdag blir det ølbrygging, røyking av fisk og guida fjelltur til Stølsheimen.

Og så blues sjølvsagt. Fem grupper skal stå på scena over to kveldar, dei mest kjende vossingane i Twang Gang, Gil Edwards og Woodleg Odd's frå Sykkylven.

Så langt er det førehandsselt 150 billettar. Ein tommelfingerregel seier at då vil det komme minst 300. Men korleis normale reglar slår ut på ein så unormal festivalstad, kan ingen spå om.

— For å få det til å gå rundt må vi ha 250 betalande. Men vi har god tru, og opplever at folk er nysgjerrige. Mellom anna har vi fått meldingar om at fjellturistar som skal gå i Stølsheimen, planlegg å ta seg ned hit for å få med seg festivalen, fortel Finn-Arild Ellingstad.

Bluescruise

Finnabotnen er ikkje enklaste plassen å ta seg fram til. Difor er det laga eit omfattande transportopplegg der lokalbåten «Sylvarnes» skal gå ekstraturar, mellom anna i korrespondanse med hurtigbåten frå Bergen. Frå Leikanger skal Norway Fjord Cruise gå med bluescruise ut fjorden med dans på dekk.

— Største problemet kan bli bryggjeplass, om det kjem svært mange småbåtar, trur Turid.

Ved fjorden rett nedanfor festivalområdet ligg bluesfestivalens friområde. Teltplassen er plasserte ein ti minutt spasertur frå festivalområdet. Her blir det tilgang til «friskt vatn og enkle toalett», reklamerer bluesarrangørane. I brosjyrar for festivalen har arrangøren laga ei eiga pakkeliste der folk blir oppmoda om å ta med det meste frå regnklede til hovudverktablettar.

— Det blir nok ei litt røff oppleving. Men dette er ein røff plass, og vi syns ting bør henge litt saman. Dei som først tek ut og kjem på bluesfestival hit, skal få oppleve at dei er på tur, seier Turid Ski Findebotten.