DET ER LAURDAG . Englene Eldrid Antonesen og Elisabeth Troye Halvorsen førebur ny utdeling til dei som ikkje har så mykje å rutte med.

Sundenglene har fått låne klasserommet i nedlagde Tofterøy skule av kommunen. Her står stativ på stativ med kler og kasser med sko i alle storleikar og fargar. Kasser med lampar og kjøkkenreiskap. Pappkasser fylt med gåver, leiker og ting er stabla i høgda. Ein lenestol der, ein TV-benk her. Alt er donert til hjelpegruppa som starta med ein engel, og i dag har nær 250 brukande og hjelpande englar.

— Eg veit ikkje kor mange som kjem i dag, sist var det 35 menneske her som trong forskjellige ting. Då heldt vi på i fire timar og eg var så sliten at eg hadde vondt i tennene, fortel Eldrid, sjefsengelen.

I KØEN: På gangen utanfor lageret ventar Eskedar og sonen Elnathan, dei har kome frå Telavåg til Tofterøy for å hente kler og ting dei treng. Elnathan håpar å få med seg akebrett.
MARIE HAVNEN

På gangen ventar Eskedar Gashaw og sonen Elnathan, dei har kome frå Telavåg. Ho seier ho vil ha kølappen på norsk, fordi det hjelper på integreringa. Eskedar kryssar av kva dei treng. Seksåringen lurer på om han får med seg eit akebrett til seg og veslesystera? Snart er turen komen til dei.

STOVEDØRA HEIME hos Eldrid Antonesen og mannen Mats er dekorert med eit hjarte. Der står det skrive: «Alt dere vil andre skal gjøre mot dere, det skal også dere gjøre mot dem.»

Det er bra for Eldrid å få gjere noko som betyr noko for andre. Ho er vanvitig sta, det kan du skrive med store bokstavar

— Vi har vore fattige sjølve, så vi veit korleis det er, seier Eldrid.

Historia starta eigentleg for 13-14 år sidan. Eldrid, mannen og dottera budde på Sandsli. Ho dreiv som dagmamma i eigen heim, nærast som ein barnehage, og jobba for mykje. Heilt til ho gjekk på ein smell. Helsa svikta. Ho fekk fleire ulike diagnosar. Mannen Mats, som hadde lagerjobb, fekk ryggproblem. Inntekta fall bort. I 2001 gjekk huset på tvangssal. Dei flytta i ei leilegheit på Krokeide og hadde 16.000 kroner å leve av i månaden. På toppen av det kom ein baksmell på skatten på 50.000 kroner. Då straumen blei stengt, var botnen nådd.

— Ein periode hadde vi middag to gonger i veka, det gjekk sport i å klare å lage middag til under 25 kroner. Men vi sørgde alltid for at dottera vår fekk mat.

«NOTHING IS IMPOSSIBLE with God», står det på plaketten på hylla. Det er fem år sidan dei flytta til Sund. Først til Klokkarvik og så til ei leilegheit på 77 kvadratmeter ved Kleppesjøen.

— Leilegheita er vår, eller helst banken si enno, seier ho.

Det var halv pris på bustad her, i høve til området dei kom frå i Bergen. Dessutan hadde Eldrid ei venninne her òg. Sund var ein fin plass å starte på ny for familien.

— Vi trivst og i dag har vi det bra økonomisk, betre enn brukarane våre, seier Eldrid.

Mannen har teke helsefagutdanning og pendlar til jobb i heimesjukepleien i Fyllingsdalen. Dottera er vaksen og har fått eiga leilegheit og jobb.

— Men eg vart ikkje frisk igjen, no er eg uføretrygda, seier Eldrid.

— Eg kunne ikkje berre sitje på rumpa, då kunne eg lagt meg ned på sofaen for å døy, seier ho med eit smil. Ho styrer sin eigen kvardag med engasjementet i Sundenglene, disponerer dei kreftene ho har, og tygg smertestillande for å halde ut.

— Det er bra for Eldrid å få gjere noko som betyr noko for andre. Ho er vanvitig sta, det kan du skrive med store bokstavar, seier mannen Mats.

NY START: Eldrid og mannen Mats flytta frå Fana til Sund og fekk ein ny start i ny leilegheit. No brukar dei si erfaring til å hjelpe trengjande.
MARIE HAVNEN

DET VAR EIN TING humørkommunen ved havet trong: Ein sta engel. Det oppdaga Eldrid då ho begynte å gå på «skattejakt» på Kiwi for fem år sidan. Eldrid tok for seg den såkalla Kiwi-garantien, ordninga som gjer at ein får maten som går ut på dato i dag eller morgon, gratis. Skulle vara allereie vere utgått på dato, gjev det ny vare eller pengane attende, om vara ikkje finst.

— Eg visste om eit par andre familiar som trong mat og pleidde å køyre rundt og dele ut maten. Eg fann mat ofte, for fleire tusen kroner i månaden, fortel Eldrid. I eit lite lokalsamfunn kjenner eller veit dei fleste om kvarandre. Det balla på seg.

— Eg såg at det var fleire familiar som var fattige, folk som ikkje hadde til det daglege, i alle fall ikkje pengar til noko ekstra, som kler. Nokre hadde det svært kummerleg. Ei mor fortalde meg at ho og familien åt brødskiver med syltetøy gjennom heile påska. Fattigdom er tabu, det set langt inne å be om hjelp, spesielt for etnisk norske. Dei sit heller heime og et kattemat, fortel Eldrid.

HO DREIV LENGE gruppa sjølv, samla inn ting, lagra det i heimen og delte ut.

— Eg er glad vi har fått låne lagerplass av kommunen på skulen. Her hadde vi mykje av tinga vi deler ut, det var nesten ikkje plass til senga, seier Eldrid og viser oss gjesterommet, der barnebarnet Leon (4) no regjerer når han er på vitjing. I boda utanfor er det enno stappfullt med gjenstandar.

FRITT VAL: Når ein har lite, er det luksus å kunne velje fritt i sko og kler til dei minste.
JAN M. LILLEBØ
FRITT VAL: Når ein har lite, er det luksus å kunne velje fritt i sko og kler til det minste.
JAN M. LILLEBØ

For ei tid sidan fann Eldrid og mannen ut at dei skulle registrere Sundenglene i Brønnøysundregistrene. No kan dei ta imot grasrotdel frå Norsk Tipping. I tillegg har det kome fleire støttespelarar til. Englar avlar englar. Systemet er slik at dei som tek imot hjelp, må bidra inn i fellesskapet på sin måte. Det kan vere som sjåfør, barnevakt eller handlehjelp. Tenester blir utveksla.

— Det er berre eg som veit kven som er hjelpar eller brukar, no har vi fått brukarar frå Fjell og Askøy, ikkje berre Sund, seier sjefsengelen.

— Beste tilbakemeldinga eg kan få er når folk seier: «No treng vi ikkje deg lenger.» Det er kjekt når dei melder seg klare til sjølv å hjelpe, seier Eldrid.

— Vi treng enda fleire til å gjere aktiv innsats, som stiller når det trengst. Men den einaste løna du får her, er å gjere andre glade.

NOKRE MENNESKE i kommunen treng av og til transport til lege og sjukehus. Det er mykje å hengje fingrane i. Kake- og vaffelsal, loppemarknad og basarar. Englane aktiviserer òg born på telt- og lavvoturar, bading og leikeland-utflukt.

— Jungelklubben Lekeland på Straume tok imot 30 av barna som er brukarar her, Burger King stod for mat. Fleire hadde aldri vore der før. No er 20 barn invitert tilbake onsdag i påskeveka.

For at alle skal ha det bra i påska arrangerer englane og ekstrautdeling palmesøndag, samt fest på Sund skule langfredag.

— Så langt har vi 23 påskeegg som skal delast ut. Eg var på Kiwi og fekk tak i fem kilo snop som dei skal fyllast med!

TILBAKE PÅ TOFTERØY SKULE . Engel-Eldrid går mellom klesstativa, på jakt etter sko til Eskedar og hennar yngste dotter.

— Er dette noko for Edna? Eg skal sjå om eg finn andre skoen, ho kan ikkje gå med ein sko, eller du må få barn med ein fot, humrar Eldrid.

— Fleire barn? Eg må få slappe av litt og, flirer Eskedar tilbake.

BERRE EIN SKO: Eldrid leitar etter sko til Eskedar si yngste dotter. Men ho finn berre ein sko. - Ho kan ikkje gå med ein sko, eller du må få barn med berre ein fot, humrar Eldrid.
MARIE HAVNEN

— Vil du ha leikar til alle tre ungane òg?

— Ja, seier Eskedar.

— Her er sånn som prinsesser har over senga, seier Eldrid og gjev henne eit stykke rosa tyll.

— Og treng de eit vinstativ, drikk de vin?

— Vi er ikkje så flinke til å drikke, smiler Eskedar.

No er plastposane fulle. Eskedars mann ventar ute i bilen med døtrene Ruth (4) og Edna (1). Mannen fekk permanent opphald i Norge for tre år sidan. Ho og ungane kom etter frå Etiopia for to og eit halvt år sidan. Eskedar jobbar som assistent på Telavåg barneskule. Ho er strålande nøgd med hjelpa frå Sundenglene. Sonen Elnathan forsvinn i triumf ut døra med to akebrett som skal brukast på Kvamskogen i påskeveka.

TO DAMER FRÅ ASYLMOTTAKET og ein mann får fylt opp posane sine.

— Do you need towels at asylmottaket, spør Elisabeth Troye Halvorsen, den andre engelen på utdelinga denne laurdagen.

— Yes, seier ei dame.

Elisabeth er heimeverande med sonen Adrian (6), som er autist. Han sit i sofaen med Ipad og ventar tolmodig. For eit halvt år sidan melde engel-Elisabeth seg til teneste for Eldrid og Sundenglene.

— Eg såg på Facebook at dei trong hjelp. Eg har ikkje angra eit sekund. Eg har lært så mykje om andre menneske, fått knust nokre mytar, som at ein er skuld i fattigdom sjølv. Det treng ikkje vere slik, seier Elisabeth.

DAMENE FRÅ ASYLMOTTAKET vil ikkje la seg fotografere, men ei av dei pratar gjerne og fornamnet får vi bruke. Rahel fortel at ho og sonen fekk sove hjå Eldrid og mannen etter ein brann på asylmottaket. Eldrid og mannen laga og til julebord for 25 brukarar i heimen sin.

— Denne organisasjonen er ei så god hjelp for oss. Ein vanskeleg kvardag vert litt lettare og lysare. Dei hjelper oss med varme kler og skyssar oss til lege og sjukehus når det trengst. Dei har og arrangert male- og førstehjelpskurs, fortel Rahel.

— Hadde folk visst meir om korleis nokre av dei på asylmottaket har det, ville dei fått hakeslepp, seier Eldrid.

DAGENS FANGST: Eskedar har hendene fulle etter utdelinga frå Sundenglene. Sonen Elnathan strålar med akebrett i handa.
MARIE HAVNEN

— Eldrid er som ei mor for oss, seier Rahel - og legg handa på hjartet.

Etter halvannan time er utdelinga over for denne gong. Eldrid set kursen for Sund Senter, der nokre andre englar sel kaker til inntekt for Sundenglene sitt arbeid.

— Eg må bort med fleire kaker, seier Eldrid.

PÅ TAVLA i klasserommet på den nedlagde skulen heng klassereglane enno:

«1. Vi skal ikkje mobba andre. 2. Vi skal prøve å hjelpa andre elevar som vert mobba. 3. Vi skal også vera saman med elevar som lett blir åleine.»

Det nytt liv i skulebygget no, men reglane er like relevante.