Blant alle landets fylke, så er kjensla av lykke minst i Sogn og Fjordane. Det hevdar MMI, som annakvart år sidan 1985 har spurt det norske folk om dette og mykje anna i serieundersøkinga Norsk Monitor. Blant anna om kor lykkelege dei føler seg.

Les også: Her er det best og verst å bo

Utglattinga

MMI sin mann, Ottar Hellevik, har oppsummert svara på dette spørsmålet gjennom alle desse åra. På telefonen prøver professoren, som sjølv har sterke røter i depresjonsfylket, å glatte over resultatet:

— Forskjellane er relativt små fylka i mellom, seier professor Hellevik.

— Det er mogeleg dei kan forklarast med ulikskapar innan alderssamansetjing, inntektsnivå og folkelynne. Hadde vi tatt dette i betraktning, kan hende forskjellane vart insignifikante.

Dette er forklaringsmodellar ei kritisk presse ikkje utan vidare kan godta. Her må grundige feltundersøkingar til. Vi ringer ein representant for dei allvitande i NRK på Marienlyst.

— Sælthun Fjørtoft.

— Ragnhild Sælthun Fjørtoft?

— Ja?

— Det er frå BT. Norsk Monitor hevdar at folk i Sogn og Fjordane er dei minst lykkelege i landet. Har du tru på det?

— Min første reaksjon er at dette må vere feil. Det er i alle fall ikkje i tråd med mine eigne erfaringar. Kan det kanskje vere på grunn av alle tunnelane?

Sælthun Fjørtoft er frå Lærdal.

— Ja, kanskje...

— Eg trur det kjem an på kor ein legg lista. Folk i Sogn og Fjordane kan ha større krav til lykka enn andre, seier heile Norges programvert.

Statistikkane

Ho kan vere inne på noko, men vi ringer fleire for å vere på den sikre sida. No kjem avdelingsoverlege i psykiatri i Helse Førde, Øyvind Watne, på tråden.

— Folk i Sogn og Fjordane har langt mindre forbruk av psykiatriske sengeplassar enn folk elles i landet. Ei fersk undersøking viser at førekomsten av psykiske lidingar er langt mindre her enn i Oslo.

OK. Så folk kjenner seg triste, men dei går ikkje til legen med det. Kanskje dei driv sjølvmedisinering?

— Forbruket av lykkepillar, antidepressiva og andre vanedannande medikament er under gjennomsnittet her i fylket.

No er det fylkeslege Petter Øgar som svarar på vårt lykkespørsmål.

— Frå å vere på topp av alle dei riktige helsestatistikkane, nærmar vi oss no landsgjennomsnittet, seier han.

— Er Helleviks funn korrekte, er det urovekkjande i helsemessig forstand. For trivsel er ein helsefaktor. I fylket ser vi store sosiale endringar, stagnerande folketal og intern sentralisering. Eg er spent kva helsekonsekvensar dette får i befolkninga.

Kultiveringa

Fagfolka der, altså. Men i dagens samfunn er omdømme blitt eit uhyre viktig signalord. Vi ringer medierådgjevar Anne Mette Hjelle i Førde.

Ho utbasunerer straks at ho er ein åttar på ein lykkeskala til ti.

— Dette var rart, seier ho, konfrontert med Norsk Monitor.

— Spørsmålet er om folk her har kultur for å erkjenne at dei er sprenglykkelege. Dei svarer kanskje heller litt midt på treet, kanskje, der austlendingane busar ut med slke ting.

Sa ho kultur? Vi ringer bergensaren Morten Johan Svendsen, som er direktør for Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

— Eg tenkjer på livsformene som har prega folk i fylket, primærnæringane og tungindustri. Framtidsutsiktene er ikkje dei beste for bønder og slikt, og kjensla av lykke er knytt til det daglegdagse. Men du trudde vel eg skulle snakke om kunst?

— Ja?

— Det er jo vanskeleg å vere opne for nye impulsar dersom ein manglar overskot og ser mørkt på det. Kanskje slit vi med å slå gjennom blant folk som er opptekne av arbeid, jakt og friluftsliv.

Måloppnåinga

Blant oss journalistar er det heilagbrot å lage ei slik sak utan å intervjue Frank Aarebrot. Han befinn seg sentralt på Torgalmenningen.

— Å oppnå sine mål i livet. Det er stikkordet. Eg trur at folk i mindre samfunn har færre sjansar til å realisere sine mål innan arbeid og fritid. Å arbeide med noko som interesserer deg er viktigare enn at det finst ledige sjukeheimsplassar der du bur.

Jaha. Og der kom forklaringa på kvifor folk flyktar frå dei utkåra beste kommunane i landet.

For å runde av denne nitide granskinga av depresjonsfylket, må vi ta med postulatet frå MMI sin Ottar Hellevik. Kvar sommar kosar han og familien seg i feriehuset i Hellevik i Fjaler, midt i utkanten av depresjonsfylket. Om han møter mange tungsinna sunnfjordingar der ute i tåkeheimen?

— Nei, nei. Tvert imot. Men veldig mange livlege og hyggelege menneske. Du må berre tru meg!

Trur du på lykkegranskinga? Sei di meining i forumet!

IKKJE I LYKKELAND: Dei kan by på vakker natur...
HILDE TOBRO,
...er Noregs beste fylke å bu i...
...drikk mindre enn andre...
...og har minst kriminalitet.
...Men lykkelege er dei ikkje, skal vi trur Norsk Monitor. Innbyggjarane i Sogn og Fjordane trur heller ikkje heilt på det dei har svart.