Det er opplysningane som har komme fram dei siste dagane som gjer at den politiske leiingar har bedt om at saka skal undersøkjast. Sentralt her står opplysningane om at Lærdal hadde unntak frå innkjøpsavtalen om kneprotesar, og påstandane i etterkant om at statsråden har blitt ført bak lyset.

Statssekretær Vegard Harsvik i departementet stadfestar at dei har bedt Helse Vest om ei utgreiing om kva som har skjedd i den svært spesielle saka.

— Helse- og omsorgsdepartementet har fått ei orientering frå Helse Vest, og har bedt om å bli haldne oppdaterte om utviklinga i saka, seier Harsvik.

Hemmeleg

Ortopedisaka i Lærdal tok til å rulle for ei god veke sidan, då Helse Førde orienterte Helse Vest om at utstyr brukt ved ortopediklinikken i Lærdal var kjøpt inn utanom innkjøpsavtalane. Torsdag informerte Helse Vest vidare til departementet. Opplysningane som blei gitt der gjorde at Brustad utsette føretaksmøtet som skulle ha vore om Lærdal dagen etter. Der trudde mange at statsråden ville gjere om vedtaket om å kutte i drifta ved klinikken.

Torsdag ettermiddag, kort etter at statsråden hadde blitt orientert, gjekk det så ut ei pressemelding der Helse Vest gjer det klart at lov om offentlege innkjøp kan ha blitt broten ved sjukehuset i Lærdal. Berre minutt etterpå, la nettavisa Aftenposten.no ut ein omfattande artikkel der det blir fortalt at legen ved klinikken i Lærdal skal ha gjort hemmelege innkjøp frå leverandøren. Artikkelen gjekk langt i å hevde at doktoren kunne ha hatt personleg vinning, mellom anna gjennom formuleringar som at han hadde pleia nær kontakt med leverandøren.

Seinare same dag blei statsråd Brustad sitert i fleire media på at med den kunnskap ho hadde, såg på det som hadde skjedd som ei svært alvorleg sak.

Alvorleg

I ettertid har det kome fram opplysningar som kan tyde på at saka kan vere langt mindre alvorleg enn det som kom ut torsdag ettermiddag. At Helse- og omsorgsdepartementet no på eiga hand går ut og innhentar informasjon, viser at dei ser med stort alvor på påstandar om at føretaksmøtet som skulle ha vore sist fredag kan ha blitt utsett på sviktande grunnlag. Lærdalsordførar Knut O. Aarethun er mellom dei som har hevda at det var ein «dritpakke» som blei sendt ut torsdag, for å påverke utfallet av møtet dagen etter.

Utover statssekretær Harsviks stadfesting av at dei har bedt om og fått ei skriftleg orientering om saka frå Helse Vest, ønskjer ikkje departementet å kommentere arbeidet som no er sett i gang. Andre kjelder Bergens Tidende har vore i kontakt i departementet, seier rett ut at dersom påstandane om feilinformasjon viser seg å stemme, er det svært alvorleg.

Leiar i aksjonskomitéen Forsvar Lærdal sjukehus, Bente Øien Hauge, ser utelukkande positivt på at dette no blir undersøkt:

— Vi er veldig glade for at statsråden tek denne saka på alvor. Det lovar godt for at tilliten til heile systemet kan bli gjenoppretta, seier Hauge.