— Departementet har teke synspunkta med seg i det vidare arbeidet med å sikre læremiddel på valfri målform for alle elevar i opplæringa, heitter det i svaret til oppropet mållagsleiar Anne Margrethe Eidhammer sendte inn på vegner av ordførarane.

Nokre dagar seinare fekk ho ein ny e-post, der departementet beklaga seg over det mangelfulle svaret.

Kunnskapsdepartementet opplyser til BT at spørsmål om læremiddel for vaksne framandspråklege først og fremst høyrer heime i barne- og likestillingsdepartementet.

— Eg skjønar godt at ho er misnøgd med svaret, og me burde ha opplyst at dette ikkje var heilt vårt ansvarsområde, seier statssekretær Lisbeth Rugtvedt (SV), som no vil sørga for at innspelet går vidare til barne- og likestillingsdepartementet.

Barne- og likestillingsdepartementet ønskjer ikkje å kommentera ordføraroppropet før dei har fått behandla saka.