— Aldri, er svaret frå tankseigar Jan Harald Torvund. Han har klaga til Fylkesmannen og er innstilt på å gå rettens veg for å få ha tanksen i hagen sin.

— Dette er verdshistorie. Sherman-tanksen er eit symbol på frigjeringa av Europa under andre verdskrigen, seier Torvund, ein entusiastisk samlar av krigseffektar.

Sherman-tanksen er esset i samlinga. På samlar-marknaden truleg verdt godt over ein halv million kroner.

Sherman type A4M4 vart produsert i USA i rundt 7000 eksemplar frå 1942 til 1944. Alle vart sett inn i felttoget mot nazi-krigsmakta. Då dei allierte starta offensiven på D-dagen i 1944, rulla Sherman-tanks opp på strendene i Normandie. I Torvunds sat fem engelske soldatar.

— I dag er dette den einaste fungerande tanksen i sitt slag i Nord-Europa, seier samlaren.

Torvund undersøkte både med Justisdepartementet, Kulturdepartementet og kommunen før han importerte kolossen i 1997.

— Den gongen gav kommunen meg løyve, seier Torvund, og undrar seg over kva som er annleis no.

— Dette går ikkje på tanksen åleine. Bakgrunnen er at tomta er uryddig. Det står fleire køyretøy på området, svarar rådmann Terje Moe. No har kommunen gitt pålegg med ei dagmulkt på 500 kroner frå 1. april. Hittil er mulkta oppe i 20.000 kroner.

— Kjem kommunen til å drive inn pengane?

— Mulkta er ikkje det viktigaste for oss. No vil vi i første omgang avvente klagehandsaminga.

Sjølv har Torvund aldri fått klager frå folk i nabolaget. Tvert om merkar han stor interesse for tanksen. - Fleire gonger har det stoppa heile busslaster som kjem ut for å ta bilete, seier Torvund og fortel at han har tilbode kommunen å setje opp gjerde og plante til slik at innsynet ikkje blir fullt så markert som i dag.

— Men det var det ikkje interesse for.

EIN MANN OG HANS TANKS: På samlar-marknaden er Sherman-tanksen truleg verdt over ein halv million. Jan Harald Torvund nektar å flytte det digre våpenet frå hagen i sentrum av Øvre Årdal.
Foto: Oddleiv Apneseth