Forma er enkel, men oppdraget krevjande: Den nye, diskré Hardanger-logoen, inspirert av åttebladsrosa i bringekluten, epleblomen og turbinhjulet, skal bygge regionen innetter og utad.

Ikkje berre skal han reint indremedisinsk samle hardingane, få ungdommen til å bli og gjere folk stolte over det dei har. Logoen skal også brukast i marknadsføringa av Hardanger, og trekkje til seg både investorar og nye hardingar.

— Logoen skal gje visuell identitet, og vere eit samlande symbol for Hardanger Håpet er at bedrifter, kommunar og meningmann vil ta merket i bruk, seier direktør Helge Møller i Reisemål Hardangerfjord AS til BT.

Logoen er utforma av reklamebyrået TIBE i Bergen, og blir presentert for første gong under Streif-arrangementet på Lofthus i dag.

Alt i morgon skal symbolet ut til fotfolket i Hardanger. På alle tettstadene skal Reisemål Hardangerfjord dele ut klistremerke, pins og brosjyrar. Og ingen kinogjengar skal kunne unngå den spesialproduserte merkevarefilmen, som kjem til å gå som forfilm på alle hardangerkinoane i tida framover.

Men å bruke Hardanger-namnet i marknadsføring er ikkje nytt. 240 ulike organ og bedrifter brukar i dag «Hardanger» i sine firma- eller produktnamn.

No er håpet er at dei tek i bruk den nye logoen også - på brevark, konvoluttar og produkt - som supplement til den dei alt har.

— Produkt og tenester som ber dette merket, gir signal om ekte identitet og tilknyting til Hardanger. Samstundes er merket ein kvalitetsgaranti som syner til særprega tradisjonar og ein kultur med djupe røter, reklamerer Møller.