Det var ein gong eit land langt mot nord.

Landet låg under is og isen smelta og nokon kom og jakta og fiska og elska og vart fleire og slåst og bygde hus og båtar og betre båtar og drog langt og og slo seg ned og kom tilbake og bad til gudar med namn som Njord og Balder og Frigg og Frøya og slåst og...

makt , både i dagligtale og i statsvitenskapelig analyse betegnelse på det å ha evne til å utøve visse former for sosial innflytelse (potensiell makt) og det å utøve slik innflytelse (aktuell makt).

... landet langt nord voks opp og byen var Bergen og Frigg og Frøya vart fortrengt og Jesus og paven og ei skute og rotter og pest og tyske handelsfolk slo seg opp og slo seg ned og vart slått ned og byen var Bergen, men kongen i Danmark og paven fekk fyken og i fire hundre år og kongen slåst og tapte og...

styreform , betegnelse på måten de politiske institusjoner i et samfunn, og de prosesser som skjer i tilknytning til dem, er organisert på. Jo mer autoritet borgerne (og de institusjoner de eventuelt har valgt) har i utformingen av offentlig politikk, jo mer demokratisk sier man at en styreform er.

... svenskane og grunnlov og nokon elska og vart fleire og fleire og Asbjørnsen og Moe og Bjørnson og folk over havet og industri og parti og stemmerett og menn og 1905 og kvinner og torpederte sjøfolk og krise og krig og fred og by og land hand i hand og Håkon Lie og laget var Brann og Leif Juster og folk elska og...

demokrati. (av demo— og 'styre'), en styreform der styringsautoriteten springer ut av folket, eller de som blir berørt av de styrende beslutninger. Kvar borger har i prinsippet den samme innflytelse.

... Erik Bye og olje og olje og nokon kom og bad til gudar med namn som Muhammed og Krishna og Mammon og Gro og Kåre og offshore og nei til EU og Bongo og olje og Jens og Siv og oljefond og Kongo og Sartor Storsenter og...

stemmerett , rett til å avgi stemme ved valg til nasjonalforsamling eller annet besluttende organ i et territorielt samfunn eller en organisasjon.

... knallhard kamp om stortingsplass i avisene og nye negler og krykker og lottomillionærar etterspurt på kiosken og zinksalve og 19,90 og VG og VestNytt og BT og Israel og Bildøy og biblioteket og stemmelokale og kattebok og massasje og hijab og KrF og Frp og blå og raude handlevogner og gule karamellar og brun og gul og blå og grøn og kvit og rosa slush og Stoltenberg skulle kome og folk slåst ikkje og prøvde å kome på kva som...

... var den viktigaste saka i vår tid.

KVA MEINER DU ER DEN VIKTIGASTE SAKA I VÅR TID?

Trykk play i biletet øvst og høyr nokre av svara ...

(Kjelde: Store norske leksikon )

Stril i vår tid.
Massasje i vår tid.
Neglar i vår tid.
Valkamp i vår tid.