Kvar mandag etter skuletid, og annankvar fredag og laurdag er Marita Alvheim på arbeid mellom butikkhyllene og på lageret i ICA-butikken i Knarvik.

– Eg gjer alt, utanom å sitte i kassa.

Ho byrja i vår. Dette er hennar første jobb.

Alvheim er for ung for industrien, og den treng henne ikkje heller. Men med sine lange opningstider, og kvelds— og helgejobbing er butikkane glade for den arbeidskrafta tenåringane kan tilby.

Alvheim er ein av to skuleelevar som jobbar deltid i butikken.

For henne betyr jobben økonomisk fridom, ho har alltid pengar til kino. Og det er gøy også, sjølv om ho kan vere sliten på mandag når ein dobbel arbeidsdag med både jobb og skuledag er unnagjort.

– Når eg ikkje er på jobben så saknar eg den, seier Alvheim.

Sparer til båt

Aleksander Hagewick (15) jobbar kvar kveld etter skuletid, og om laurdagane. Halvparten av dagane er han på plass mellom hyllene i Mekk-butikken på Knarvik Senter, resten av tida er han hjelpemann i frisørsalongen på senteret.

Det går fint på skulen likevel, seier Hagewick, som tener mellom 5000 og 7000 i månaden på jobbinga si. No sparer han til båt til sommaren, og kan godt tenke seg sitt eige import/eksportfirma i framtida.

Yrka for ungdom Det store talet unge i varehandelen er avdekka i ein analyse forskingsstiftinga Fafo gjorde for Handelen og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH).

Fafo-rapporten konkluderte med at mellom 25 og 30 prosent av dei butikktilsette er yngre enn 25 år.

Rapporten er fem år gamal, men gir eit godt bilete av situasjonen i bransjen også i dag, meiner informasjonssjef Jarle Hammerstad.

Tal frå Statisitisk Sentralbyrå for 2004 viser at talet på butikktilsette under 25 år kan vere enda høgare, heile 37 prosent, noko som tilsvarar 65.000 personar.

Hammerstad legg også fram ei undersøking frå 2002 som viser at 65 prosent av elevane i første klasse på vidaregåande skule har arbeid ved sidan av skule, og Hammerstad reknar med at dei aller fleste jobbar i handelsnæringa.

Ettertrakta jobbar Truleg ville enda fleire skuleelevar og studentar jobba ved sidan av utdanning, dersom det var lettare å få jobb.

Ole Johan Svedhaug (17) sit på golvet og monterer syklar i ein av sportsbutikkane på Knarvik Senter.

Han er typisk for mange unge butikk-tilsette. Trass i sportsinteressa utdanna Svedhaug seg til prosessoperatør som kvalifiserer seg for jobbar i Nordsjøen og i prosessindustrien. Jobben i sportsbutikken er ein fin mellomstasjon, for å tene pengar.

Han er fornøgd med å ha jobb. I kullet hans på vidaregåande er det fåtallet som har jobb ved sidan av.

– Sånn som her i Knarvik er det nesten umuleg, det er mange om beinet, seier Svedhaug.

Tor Høvik
Tor Høvik
Tor Høvik
Tor Høvik