Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet meiner at verktøykassen har vorte tømt sidan sist. Men dei lovar å fylla han opp att, om dei får sjansen til å skipa regjering etter valet om fem veker. Og då skal det visst verta andre bollar.

— Aldri har landet vårt vore så rikt. Og aldri har regjeringa vore så fattig på ambisjonar for heile landet, sa Marit Arnstad (Sp) då ho fekk opningsinnlegget på ein valdebatt om distriktspolitikk i Etne i går.

Ramma var Etne-marknaden, ei årviss tilskiping som berre vert større og større, og som dreg til seg folk langt utanfor både Sunnhordland og Nord-Rogaland.

Langsiktig plan

Arnstad er, som venta, oppteken av vilkåra for kommune-Noreg.

— Vi treng ein langsiktig plan for å rusta opp kommunal velferd. Ein viktig del av dette arbeidet er å få på plass att ein næringspolitikk, slik tidlegare regjeringar har hatt det, sa Arnstad. Ho meiner at hovudskilnaden mellom dagens regjering og det raudgrøne alternativet er viljen til å ta bruk verkemidla som trengst for å utvikla distrikta.

— Høgreregjeringa har avvikla verkemidla for ein god distriktspolitikk. Regjeringa er berre oppteken av kronekursen og rentenivået, sa Arnstad, som no er på veg ut av Stortinget.

Høgres Øyvind Halleraker meinte for sin del at det som er viktig for ein livskraftig næringsliv, er at dei generelle rammene er i orden for næringslivet i heile landet, og desse ramme vert skapte ut i verda.

Fylla verktøykassen

Lagspelet mellom dei raudgrøne fungerte langt på veg i går. Olav Akselsen gav Marit Arnstad ryggdekning.

— Vi må bestemma oss for om vi vil vera passive tilskodarar eller aktive aktørar som vil spela ei rolle. Høg krone og låg rente er bra, men vi har gjeve frå oss verktøya vi treng for å påverka aktivt tilhøva for næringslivet i distrikta.

Og Audun Lysbakken, SV, fylgde opp.

— Når børsen får dominera, er det distrikta som betalar prisen. SV vil fylla den statlege verktøykassen, slik at vi kan styra ressursane mot distrikta. Når marknaden får bestemma, flyt ressursane dit pengane er, og det betyr meir sentralisering.

— Posten skal ikkje gå med overskot. Posten skal gå med posten, slo Lysbakken fast, og hausta applaus for det frå dei ca. 350 i som var samla i Etne Kino.

Hjelper ikkje distrikta

Ingebrigt Sørfonn frå Kristeleg Folkeparti stelte seg naturleg nok på Halleraker si side.

— Vi er med i ei regjering som har fått orden på norsk økonomi. Og vi har fått åtte statlege tilsyn ut av Oslo. Det er underleg at Sp vil slå lag med Ap, som er imot denne utflyttinga.

— Det er greitt nok at 900 statlege arbeidsplassar vart flytte ut av Oslo. Men på same tid vart 1000 industriarbeidsplassar borte berre på Stord. Regjeringa var og mot nettoløn til sjøfolk.

— Eg ser ikkje heilt korleis vi hjelper distrikta ved at statlege tilsyn flyttar frå Oslo til Bergen eller Haugesund, sa Carl I. Hagen.

— Framstegspartiet vil i staden gje kommunane meir makt til å avgjera sjølve korleis ressursane skal nyttast. Til dømes vil vi ta frå fylkesmannens miljøvernavdeling retten til å gjera om kommunale vedtak.

- Heldigvis

— Også Framstegspartiet er for ein meir aktiv næringspolitikk. Det betyr til dømes å satsa på betre vegar i distrikta, gjera avstandane kortare og tidsbruken mindre, sa Carl I. Hagen.

— Og hadde vår gasskraftpolitikk vorte gjennomført, så hadde vi hatt tre gasskraftverk i drift no. Det er SV i mot, men korleis vil SV skapa industriutvikling i distrikta utan meir kraft? Og kan Olav Akselsen lova at dei tre gasskraftverka det er gjeve konsesjon for vert bygde, med SV som ein del av ei raudgrøn regjering?

— Dersom Arbeidarpartiet berre vert stort nok, skal nok det gå bra. På Kårstø skal dei starta bygginga av det fyrste før valet, heldigvis, sa Olav Akselsen.