— I dag er samdriftsfjøsen vår katedral, sa Helge Helgesen. Den tidlegare soknepresten i Vik kom eins ærend opp frå Stavanger, der han er sokneprest i Tjensvold, for å vera med på fjosmessa med barnedåp på Hove.

Med Jonathan frå Burundi fremst, berande på eit høgt trekross, gjekk kyrkjelyden frå post til post under vandremessa i den 600 kvadratmeter store fjøsen. Det er ikkje kvar dag ein kan gå til gudsteneste med hund i band.

Bøner for folk og dyr

Kubjølle gjorde teneste som kyrkjeklokke, og under vandringa lydde salmesong til trekkspelmusikk. Messa vart opna med kulokk av Beth Ramfjord, song av Vik kyrkjekor og dikt av Jakob Sande, tolka av Ragnar Hove.

— Flott at det kan vera så tette band mellom kyrkja og folket, mellom kyrkja og kulturlivet, sa Helge Helgesen.

Ved maskina som vaskar dyr song Arnafjord Songlag, og Helgesen bad bøner for både folk og dyr.

Dei første av inntil 215 husdyr kjem på plass i komande veke.

Dåpsfat i ei julekrybbe

— Eg var litt skeptisk til dåp her, men fekk biskopen si velsigning, seier soknepresten i Vik, Ragnhild Sanden, som stod for dåpshandlinga. Dåpsfatet var plassert i ei julekrybbe.

Vesle Anders vart boren til dåpen av mor, Birgit Voll. Og det var nok ho som kom på ideen om å ha barnedåp i den flunkande nye driftsbygningen. At den står ferdig er verd ei skikkeleg markering.

— Eg fann ut at det er lettare å få dåpen inn til fjøset enn å få mannen min ut. Frode har praktisk talt budd her inne den siste tida, for å gjera alt klart, spøkjer Birgit.

Bord med betasuppe

Prosjektet vart sterkt seinka og fordyra etter mange dryge rundar med Riksantikvaren - grunna naboskapet til Hove steinkyrkje. Fjøsen måtte gravast inn i ein sandskråning for å få 100 meters avstand, og gøymast bak ein voll. Framleis står det att å kle dei raude fasadeplatene med grått trepanel.

Riksantikvaren var ikkje invitert. Det var derimot heile bygda. Og jordbruksinteresserte vossingar tok turen over Vikafjellet. Soknepresten kan ikkje hugsa at ho har hatt så stor kyrkjelyd til ein barnedåp før.

Samdriftsfjøset er basert på lausdrift, og det vart dåpsgjestene invitert til også, innimellom båsar med mjuke liggjematter, vaskemaskiner, mjølkeautomatar og bord med betasuppe, bringebærjuice og gammalost.

— Det var kanskje ikkje slik eg hadde tenkt at jordbruket i Vik skulle ta form, sa avtroppande ordførar Erik Lidal, og overrekte gåver.

FJØS-DÅP: Anders Voll vert boren til dåpen i samdriftsfjøsen på Hove i Vik. Sokneprest Ragnhild Stranden døyper barnet, som vert bore av mora, Birgit Voll. Til høgre faren, Frode Voll.
JULEKRYBBE: Den nye fellesfjøsen på Hove i Vik vart innvigd med barnedåp. Dåpsfatet hadde fått plass i ei julekrybbe.