For stort, for smått, feil farge, feil merke — eller rett og slett berre feil. Mange bergensarar trossa derfor vinterkulda i går, og dro til butikkane for å byta julepresangar i tide.

— Eg tenkte: «Søren og!», og dro inn til by'n i dag, fortel Torill Skeide frå Kleppestø.

«Halvbroren» i retur

Ho har Trivial Pursuit under armen og tilgodelapp i blikket. Dottera på 21 fekk spørjespelet til jul, men hadde eit frå før.

Då må mor ordna opp.

— Dottera mi ligg heime og søv, og eg tek ikkje sjansen på at ho klarar å byta før det er blitt for seint, forklarar Skeide.

Ved lunsjtid var det lang, lang rekke ved disken til Melvær Libris i Galleriet. Og slik hadde det vore sidan bokhandelen opna dørene i går.

— Får eg bytte denne mot denne, spør ei pelskledd kvinne, og held opp Lars Saabye Christensens «Halvbroren» i den eine handa, og Linn Ullmanns siste roman i den andre.

Ho er ein av mange som kom tilbake med «Halvbroren» i går. Denne romanen, samt «Mat fra Jamies kjøkken», ligg førebels øverst på årets julepresang-byttetopp hos Melvær Libris. Så tilhøyrde dei også bestseljarane før jul.

Feil cup

For dei fleste går byttehandelen greitt 3. juledag - med nokre unnatak.

— Folk prøver seg på det meste. Men vi tek ikkje tilbake bøker med innskrift av typen «Frå mamma til Per», ler bokhandlar Hilde Elise Sakariassen-. B-cup eller C-cup, small eller medium? Ektemenn og kjærastar tok sjansen, men bomma i år også.

— Før jul kjem mannfolka inn hit for å kjøpa undertøy, og vi må jo prøve å hjelpa desse stakkars mennene. Men når vi spør kva størrelse kvinnene treng i bh, får vi ofte til svar: «Sånn cirka en håndfull», ler Helen Wingsternes, som sel undertøy hos Hennes & Mauritz.

Derfor kjem ein god del av silkesakene i retur etter julehelga.

— Tendensen så langt er at bh'ar og truser er for store. Menn trur tydelegvis at kvinnene er større enn dei faktisk er.

LYKKA ER EIN TILGODELAPP: Venninnene Marianne Storebø (16) og Veronica Blokhus (15) er på byttetur med julepresangane på kjøpesenteret Galleriet. – Eg har fått ein tilgodelapp på 49,50. Den skal brukast i dag, seier Veronica (t.h.) bestemt.
Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen