ERLEND SPURKELAND

Det er også slutten på historia om to glade butikkgutar som har dyrka jobben som ein kjær hobby.

Det er meir enn ein bygdebutikk som no sular opp. Guldbrandsøyen er eit begrep i Nordhordland. Har stått for det beste av strilsk kremmarånd, vore raus, romsleg, slagferdig. Har vore møteplass for fastbuande, hyttefolk og vegfarande. Her fekk du «alt». Bortsett frå eit nei. – Det kunden spør etter, skaffar me, slår Halstein fast. – Berre brennevin og bilar me ikkje har selt, legg Erling leande til.

Vemodig

— Butikken har vore samlingspunkt i bygda, kommenterer sokneprest Vilhelm Overå. Som føyer til at langt fleire besøkjer Guldbrandsøyen enn hans hus.

— Vareutval og service er utruleg. Det dei ikkje har, fiksar dei. Det vert vemodig.

— Løye, og saknaleg, samstemmer Nils Einestrand, ein av dei mange masfjordkundane. Kjem inn bakvegen via lagerdøra. Skal ha feste til ei takrenne. Her er det lite skilje på framom og bakom disken. Her er alle på fornamn. Nokre har vore kundar gjennom fem generasjonar. – Da e' eg kry tå, smiler Halstein.

Lange arbeidsdagar

Det starta på kaien på Eknes i 1936. Seinare bar det opp til gamlevegen, før handelsbrørne for ti år sidan flytta inn i den nye tid ved riksvegen og Ostereidet senter. I dag har dei 23 heiltidstilsette, og omsetning på godt over 50 bruttomillionar. Men ingen av avkommet vil ta over, og ikkje ein gong Gudlbrandsøyane varer evig. I over 49 år har Halstein stått i butikken. Med arbeidstid frå 8–21 dei fleste vekedagar, året gjennom, gler han seg til «normal arbeidstid» som pensjonist. - Det har vore moro, så eg kjem til å sakna folk. - Og den gode praten, reflekterer ein uvanleg alvorleg Erling. Med nære framtidsplanar om sydentur, linefiske og fjellturar.

Full oversikt

— Sjølvsagt har det vore krangel i styret, innrømmer dei to bedriftseigararane smilande. –

Men aldri så fælt at me har gløymt å tena pengar neste dag.

I ein mildt sagt uoversiktleg butikk, med ditto lager, har karane fullstendig overblikk over varelageret. Berre ein gong, seier ryktet, vart Halstein stressa, då han ikkje fann att eit ausekar på lageret.

Fleire gongar har karane bydd heile Nordhordland til gratis sildemiddag. Gammal stil. Servert på langbord under taket på bensinstasjonen, med varme poteter attåt. Heide Steen, verdamer og andre kjendisar har fylt bensin og kikka innom, som for eksempel danske Kim Larsen.

— Men «gummiansiktet» var berre ute etter snop og tobakk, minnest Erling.

Lappesystem

Det er opphørssalg, og stint med folk som jaktar skattar mellom hyller og stativ. Ein stillbar trebor, labbegarn, kjeledressar, potteskjularar og blomstrete dukar vert omsett i kontantar. Manglar du kort eller kroner? Niks problem; – Eg skriv det på ein lapp. Guldbrandsøyane er rause, stolar på folk. - Betal når du fer forbi. Bekreftar at julelysa er til halv pris. - Steikjande bra kvalitet. Hjelper ein einøygd bilist med montering av lyspære før neste tunnell. Krabbeteiner, truser, fat, leirgrisar, regnkle og anna pø tronar i store dungar. - Det beste for først, seier Halstein.

Snart rullar Rema 1000-pallane inn i dei tømde butikklokala. Med varemengder stabla i høgda, og skrytelåge prisar. Men vareutvalet til Guldbrandsøyen kan nok ingen dusinbutikk hamla opp med. Og du får neppe kjøpt ausekar i nyebutikken.