MÅLFRID BORDVIK

Elisabeth Stiegler Folgerø (40) er ein av hovudfagsstudentane som held på med siste innspurten. Ho studerer kunsthistorie og blir ein av dei siste i landet som kan tittelere seg som cand.philol.

— Blir du ferdig i tide?

— Ja, det ser slik ut. Elles hadde eg aldri tørt å snakke med deg, ler ho.

Mette Myrmell Torrissen, utdanningsdirektør ved Universitetet i Bergen, stadfestar at dette semesteret er siste sjanse for dei som ønskjer å sikre seg ein cand-tittel på høgare nivå.

- Hatt god tid

— Dette bør ikkje kome som noko overrasking på studentane. Dei har fått god informasjon og har hatt nok av tid på seg, seier Torrissen.

Innføringa av kvalitetsreforma i 2003 innebar overgang til ny gradsstruktur, der tidlegare hovudfag blei erstatta med mastergrad.

Dei som kan sikre seg ein cand-grad i siste liten er studentar som innan våren 2003 hadde fullført alle obligatoriske eksamenar, og som dermed hadde sjølve hovudfagsoppgåva igjen. Det tek vanlegvis eit år, men studentane har hatt fire år på seg for å nå fristen som Utdanningsdepartementet sette til mai 2007.

Siste innspurt

Elisabeth Stiegler Folgerø hoppa av hovudfagsstudiet i 1994, og har både arbeida og fått tre born sidan den gong.

— Eg hadde ikkje tenkt på hovudfag i 12 år, men då eg høyrte at det framleis var mogleg å fullføre greip eg sjansen, fortel ho.

For dei om lag 250 studentane det gjeld byrjar tida å renne ut. Men for Folgerø ser det lyst ut.

— No er eg i ein annan situasjon i livet og arbeidet går mykje greiare. No gjer eg det nesten berre for gøy, seier Folgerø som understrekar at det viktigaste er å bli ferdig og så får resultata kome i andre rekkje.

Utdanningsdirektøren håper at dei som planlegg å bli ferdig vil klare det. Alternativet er å søkje om opptak til eit masterprogram og om å få innpassa tidlegare eksamenar i denne.

CAND. KUNST: Elisabeth Stiegler Folgerø si hovudfagsoppgåve omhandlar 20 måleri av bergensmålaren Julius Holck frå slutten av 1800-talet. Blir ho ferdig innan 15. mai, kan ho som ein av dei siste smykke seg med tittelen cand. philol.

Lillebø, Jan M.