Tides 60 millionar kronerinvestering MS «Tideadmiral» har alt gått i rute mellom Bergen og Stavanger sidan mars. Men i dag på på dagen 50 år etter at første snøggbåt, ein hydrolfoil, blei sett i rutefart mellom dei to vestlandsbyane, skjedde dåpsseremonien på Leirvik kai på Stord.

– Stord er jo ein snøggbåtmetropol, sa administrerande direktør Ivan Fossan i Tide Sjø AS før han overlet snorsaks og sjampanjeflaske til fartøyets gudmor.

Aud Randi Voll frå Rennesøy har arbeidd om bord i Flaggrute-kioskane i 34 år, i dag med MS «Tyrving» som fast arbeidsplass.

Oma Baatbyggeri på Stord har bygt «Tideadmiral», som har plass til 280 passasjerar og opererer ruta Stavanger-Bokn-Kopervik-Haugesund-Mosterhamn-Leirvik-Rubbestadneset-Hufthamar-Flesland-Bergen saman med «Tyrving» og «Tidebris».

Turen frå Stavanger til Bergen tek i dag fire og ein halv time. Hydrofoilbåten «Vingtor», som opererte i sommarhalvåret frå og med 1960, brukte ein time mindre, men hadde stopp berre i Haugesund mellom endestasjonane i nord og sør.

Les meir om Flaggrutens utvikling i BTs papirutgåve onsdag.