Illustrasjon: Kay Åge Strøm-Grøtan

Tenk at du står nær ein trafikkert veg. Støyen frå bilane er særs ubehageleg og sjenerande. Særleg merkbar er den lågfrekvente lyden frå tungtrafikken med vibrasjonar som forplantar seg over lange avstandar i terrenget.Tenk at du er ein fisk. Der du sym rundt, høyrer du støyen frå bilane som køyrer på brua langt der oppe over deg. Som mange fiskeartar har du god hørsel, og du er mest følsam for lågfrekvent lyd.

Det er best å stikke.

Forplantar seg

I alle år har Bjørnafjorden vore særs rik på fisk. Her finn ein blant anna torsk, hyse, sei, makrell, sild og brisling. Jamvel enkelte kval-artar finn turen innom fjorden. Dette har gitt levebrød til mange fiskarar og middagar og rekreasjon for familiar i kommunane rundt fjorden.

I det nye brusystemet som skal strekkja seg frå Reksteren til enten Øyane eller Bjørnatrynet, blir det gigantiske betongkonstruksjonar som skal bera den firefelts breie vegen over fjorden. Konstruksjonane skal delvis flyta eller dei vert forankra til botn. Men vi manglar informasjon om kva som vil skje med det biologiske mangfaldet i fjorden.

Det vi veit, er at støyen frå bilane forplantar seg gjennom brukonstruksjonane. Dei blir som gigantiske undervasshøgtalarar som spreier lyd ut i fjorden. Den lågfrekvente lyden er omtrent som på stereoanlegget når bassen slår den lågaste tonen på fjerdestrengen.

Lydmaskering

Undersøkingar viser at fisken ofte trekkjer seg vekk frå områda med mykje støy. Forsøk gjort i område med seismisk skyting, viser at fisk rømer under skyting. Det er difor klare retningslinjer for når seismiske fartøy har lov å skyta nær gytefelt og fiskefelt.

Trafikkstøyen frå brua aukar det totale lydnivået — kalla bakgrunnsstøyen - i fjorden, og vi får såkalla lydmaskering. Det vil seia at svake lydar som fisk lagar eller lydar som dei oppfattar å komma frå fiendar, blir overdøyvde av bakgrunnsstøyen. Det er som når vi menneske er i eit rom med mykje folk og støy og må heva røysta for å høyra kvarandre. Stundom hjelper heller ikkje det, og vi må forlata rommet.

Fisk kan ikkje heva røysta si, derfor vil det auka støynivået føra til at dei ikkje klarar å kommunisera med kvarandre eller unngå fienden.

Partnarar og fiendar

Høyrsel er særs viktig for å unngå fiendar når synet ikkje kan brukast i mørket. Fisk lagar òg lyd når dei kommuniserer. Torsk og hyse når dei finn partnar, mens sild og brisling har utvikla ein særs god høyrsel som er viktig for å oppdaga fiendar.

På verdsbasis er ein svært uroa over dei aukande menneskeskapte lydnivåa i havet som kjem blant anna frå aukande båttrafikk, oljeleiting og nye installasjonar som vindkraftverk.

I Noreg har vi sidan 1984 arbeidd mykje med å kartlegge konsekvensar seismiske undersøkingar har på fisk, og vi har fått eit regelverk for bruk av lågfrekvente militære sonarar i norske farvann for kval, sel og fisk.

Fiskeridirektoratet sine kart over gytefelt for kysttorsk viser mange viktige gytefelt i Bjørnafjorden; rundt Os, Øyane, Reksteren, Tysnes og Fusa. Det finst kunnskap om at dersom gytande fisk blir forstyrra av ytre lydstimuli, kan dei stoppa gytinga.

Må symje djupare

Rundt Bjørnafjorden er det mange gode lakseelver, bl.a. Oselvo og Tysselvo. Når yngel (smolt) frå elvene skal ut i Norskehavet for å beita, vil dei fleste måtta passera brukonstruksjonane i fjorden. Sidan smolten sym heilt oppe i vasslaget, er det stilt spørsmål frå andre liknande prosjekt om dette vil påverka utvandringa.

Då laksen i Vosso forsvann, blei det blant anna undersøkt om Nordhordlandsbrua var ei av årsakene. Merkeforsøk viste at oppimot havparten av den utvandra smolten ikkje klarte å passera brua. Nokre blei ståande på innsida av brua i lengre tid, og mange blei etne av fiendar som fugl, sjøaure og lyr. Dei som passerte måtte symja djupare, og blei blant anna meir eksponerte for lakselus.

Det er ikkje konkludert med at trafikkstøy er årsaka til at mykje av smolten ikkje klarte å passera brua. Nordhordlandsbrua er å rekna for eit miniprosjekt samanlikna med Bjørnafjordbrua, så det er uklart kva som vil skje med laksen i elvene rundt Bjørnefjorden dersom brua kjem.

Kan ikkje skjerma lyden

På land er det til ein viss grad råd å skjerma seg frå trafikkplager som støy og forureining, til dømes ved å leggja om vegen. Det blei gjort for å bevara augestikkarkolonien då vegen mellom Os og Rådal vart prosjektert.

Å skjerma for spreiing av lågfrekvente lydar i fjorden, er mest umogleg. Den planlagte traseen for brua vil liggja nær gytefelt for torsk, kan hende over desse felta. Vi veit ikkje om det biologiske mangfaldet i Bjørnefjorden vert skadelidande, eller om det vil gå ut over rekrutteringa av laks i fiskeelvane.

Dette får vi svar på først når brua er bygd.