1. juli forlet sistemann Slåtterøy fyr. Neste sommar følgjer fyrvaktarane på Ytterøyane og Utvær etter. Dermed er ein 300-årig epoke med bemanna vestnorske fyrstasjonar over.

Der det før var liv og røre med opptil tre fyrvaktarfamiliar på kvar stasjon, blir det no stille. Fyrlyktene skal rett nok lysa som før, fjernstyrte frå land. Men lydane er det berre havbårene, måsen og ein og annan sommarturisten som heretter vil sørgja for.

Det reiste seg aldri nokon proteststorm då Stortinget i fjor vedtok å avfolka dei resterande 31 bemanna fyrstasjonane langs norskekysten. Innvendingane frå meteorologar, fiskarar, forsvarsfolk og frå fyrtenestemennene sjølve lydde berre som små bølgjeskvulp framfor nasjonalforsamlinga si dør.

Det var alt ei tapt sak. Om to år er det ingen mann att på Noregs 107 fyrstasjonar.

Satellitt og elektronikk

Når fråflyttinga frå kystens utpostar har gått føre seg utan kamp, ligg årsaka i satellittar og elektronikk. Gps-ar — satellittbasert Global Positioning System - og elektroniske kart på store og små skipsbruer har nesten utkonkurrert fyra som navigasjonshjelpemiddel.

— Då eg tok til i Kystverket for 23 år sidan, var så å seia alle fyrstasjonane på Vestlandet bemanna, seier Arnold Jacobsen. Han er avdelingssjef i Kystverket Vest, med hovudansvar for fyra i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Avfolkinga starta då fyra slutta å vera såkalla familiestasjonar for femti år sidan. Etter den tid budde fyrmeisteren og assistenten i land og drog åleine på vakt på sin utpost. Automatisering og total fråflytting blei tema i Stortinget første gong i 1985. Den gong - før gps-en sitt gjennombrot - møtte framlegga større motstand blant sjøens folk enn i dag.

Utleige mot forfall

Kystverket innser at fyr utan folk gir eit raskt forfall på inntil 200 år gamle konstruksjonar og bygningar. Vedlikehaldsbudsjettet er lite. Derfor ønskjer staten å leiga ut flest mogleg fyrstasjonar, til vertskommunar eller lag som nyttar anlegga mot å halda dei ved like.

— Det er ikkje tvil om at fyra har forfalle etter at avfolkinga starta i 1985. Men staten ved Kystverket har ansvar for bygningsmassen. Det er bakgrunnen for at til dømes Geitungen fyr ved Karmøy er leigt ut til Turistforeningen. Vi er i samtale med interessentar også når det gjeld Slåtterøy, Marstein og Holmengrå, seier Arnold Jacobsen.

Ved avfolkinga av stasjonane misser ikkje mannskapa jobben over natta. Dei som ikkje går ut i pensjon blir organiserte i vedlikehaldslag som reiser rundt til fyra. Men no med base på land.

UTAN MANNSKAP: 1. juli er Slåtterøy fyr ytst i Selbjørnsfjorden offisielt utan mannskap for første gong sidan etableringa i 1859.<p/> ARKIVFOTO: HELGE SUNDE