Han gjekk bort 30. mai, 80 år gammal. Røysta frå By— og bygdenytt er borte.

For NRK er han ein del av norsk kringkastingshistorie. Han kom til Dagsnytt midtsommars i 1961. Med si djupe og malmfulle røyst formidla han nyheiter til folket i meir enn tretti år. Den historiske novemberdagen i 1963 var han på vakt, og dei som lytta til radio denne dagen gløymer aldri orda: «President John F. Kennedy er skoten». Folk kunne ikkje tru det, men det måtte vera sant når denne stemma fortalde dei det.

Han fekk ein gong spørsmålet: Kvifor vart ein så klok mann som deg journalist? Det var ønskjet om å få ut informasjon som låg bak. Han hadde opplevd ein krig, og sett kva det gjorde med folk å ikkje vita. Appetitten på informasjon; på nyheiter og aviser, var stor ungdomane imellom i etterkrigstida.

Gustav Moberg arbeidde i ni år i BA før han kom til NRK. Dåverande redaktør i Bergens Arbeiderblad, Per Bratland, skriv om han i ein attest i 1961 at: «overalt har han gjort et utmerket arbeid», og framhevar han som politisk reporter, referent og kommentator. Bratland avsluttar slik: «Journalist Mobergs forhold til bedriften og kollegaene er eksemplarisk. Personlig er han vennligheten og samarbeidsviljen selv. Men han hører til de tause».

Lyttarane til NRK Hordaland fekk gleda av radiorøysta til Gustav Moberg frå 1969 til 1992, med eit par korte avbrot, mellom anna i fjernsynet. Det var likevel radioen han kjende seg mest heime i, og han bygde NRK sitt truverde og merke i alle desse åra. Den tydelege, varme stemma og den språksikre framføringa vart ein del av kvardagen til folk i Hordaland. Framleis kan eit radio-opptak frå arkivet få fram barndomsminne hjå dei over 25 år. For dei eldste vart røysta hans like kjent som radiostemma frå London under krigen.

Ikkje alle bergensarar var like glade for nynorsk i eteren, men når han las By- og bygdenytt kom det ingen klager. Gustav arbeidde med nyheitsmeldingane for å gjera dei munnlege i form, og det vert fortalt at han gjerne la bort manus og skreiv dei ned att på nytt etter minnet. Slik fortalde han nyheitene på eit levande nynorsk, noko som også gav han Kringkastingsprisen for framifrå radiospråk. Då han slutta i NRK i mai for femten år sidan, sa kringkastingssjef Einar Førde at Gustav Moberg «alltid har vore eit døme på tryggleik og sikker språkføring, og eit førebilete for nye medarbeidarar».

For kollegaer i Grieghallen, og seinare på Minde, var han ei kunnskapskjelde, eit vandrande arkiv, og ein læremeister. Han fekk allslags spørsmål, og svara alltid vennleg - med respekt for den urøynde. Denne haldninga sit att etter han som eit føredøme for vaktsjefar i redaksjonen. Det kunne vera friske diskusjonar og sterke meiningar utover på sytti- og åttitalet. Han blanda seg ikkje inn, men lytta og venta. Så kremta han lett, oppsummerte, og kom med si meining. Då var møtet over, og alle einige. Gustav uttala seg ikkje om alt og alle, men me visste utan ord kva han meinte.

Kva var denne særeigne eigenskapen han hadde? Det var ein stille, kraftfull og vennleg autoritet. Etter kvart som me vart betre kjende med han, oppdaga me også den fine humoren og den lune kommentaren hans. Gustav sa ikkje så mykje om familien sin på arbeid, men me forsto at kona stod han svært nær. Det var noko i stemma hans når ho ringde. Småbarnsåra i Oslo snakka han om med glede. Den ulaglege arbeidstida, då begge gjekk skift, hadde gitt han tid saman med borna om dagen. Det var gode minne for han.

For NRK sette han ein slitesterk standard for god, informerande journalistikk, og for levande nynorsk i radio. Til familien vil me gjerne uttrykkja vår takksemd over tida me som kollegaer fekk saman med han. Me hadde ein varm respekt for Gustav Moberg.

VIGDIS HOLMAAS, FOR NRK HORDALAND

RADIORØYSTA: Gustav Moberg er død, 80 år gammal.