Takrenna er som eit patronbelte med skarpladd ammunisjon. Klar til utskyting! Hadde fotgjengarane nede på fortauet kikka opp, ville dei oppdaga at dei er på veg inn i ei krigssone.

— Folk må følgje med, seier vakthavande sjef Tore Kallekleiv i Bergen brannvesen.

— For den som får ein stor issvull i hovudet, kan det gå riktig ille!

Meterlange istappar

Sjeldan har istappane hengt tettare i Bergen sentrum enn i vinter, og mange takrenner minner om utskytingsramper for israkettar. Når huseigarar ikkje fjernar is og snø frå taket, kan det vere direkte farleg for sivilistar å bevege seg på bakkenivå.

— Eg vil innstendig oppfordre huseigarane om å først sikre området, og deretter ta ned istappane, seier samferdsledirektør Ove Foldnes i Bergen kommune.

Før helga var fotsoldatane hans på istappinspeksjon i sentrumsgatene. Dei oppdaga mangt blankt og langt oppunder hustaka.

— Enkelte plassar hang det istappar langs heile husrekkja, fortel vektar Kjell Ove Karlson i Bergen kommune.

- Kor lang var den lengste?

— Nokre var opp mot ein meter. Dei er det ikkje godt å få i hovudet!

Tak-til-tak-aksjon

Under inspeksjonen torsdag og fredag banka Karlson og kollegaene på 50-60 dører, både hos forretningar og private, for å be dei fjerne is og snø frå taket.

Dei fleste tok det fint.

Men blir istappane likevel hengande, kan det bli dyrt for huseigarane.

— Då kan vi bli nøydde til å gi gebyr, for dette er alvorleg. Istappar er rett og slett farlege, seier Karlson.

- Kor stort blir gebyret?

— Som for manglande snøbrøyting og snørydding - 500 kroner.

Fleire urolege huseigarar har ringt Bergen brannvesen og bedt om hjelp, fordi dei er redde for at snø og is skal bombardere fotgjengarane.

— Men når dei høyrer at dei må betale for seg, vegrar dei seg. Mange stader ser det rett og slett skummelt ut. Det er viktig at huseigarane tek dette på alvor, seier Kallekleiv.

Istappvinter

Istappane ynglar etter 8-9 veker med stabilt vinterver, og snø som vekselvis tiner i sola og frys igjen. Kallekleiv har sett mykje i sin over 30 år lange karriere i brannvesenet, men ikkje så mange istappar i Bergen sentrum.

— Det blir berre meir og meir.

Samferdsledirektøren i Bergen understrekar at det er huseigaren sitt absolutte ansvar å fjerne snø og is så raskt som råd.

— Istappar er spisse, har stor kraft og kan verkeleg vere farlege, seier Foldnes.

- Men det er ikkje berre berre å fjerne istappar på eit hus med, tja, fem etasjar?

— Nei, det er ikkje berre berre å eige eit hus med fem etasjar. Ein huseigar må vere seg sitt ansvar bevisst, og leige inn profesjonell hjelp, dersom ein ikkje er i stand til å gjere det sjølv.

Fryktar du istappane?