Av Agnar Hjellvik

I ein introduksjonsartikkel i høve klimakonferansen i Os i juni, skriven av Olav Kobbeltveit, var det mykje sunn fornuft å henta, reine sundagshøgtida å lesa for ein aldrande mann som sikkert ikkje har så mange år att på denne skadeskotne jorda vår. Kor mykje gildare det hadde vore for oss gamle å vera visse om, før me fór, at kloden og alt som lever her vil bli teken vare på av kloke og kjærlege menneskehender. Ein av maktfaktorane som kan hjelpa til, kanskje den viktigaste av alle, er media. Difor er det så gledeleg når ei mediarøyst ein hende gong talar vitet og fornuften si sak i «en gal, gal verden».

Artikkelen konkluderar slik: «Dei store og seriøse forskningsmiljøa er nokså samstemte om kva vi er på veg mot, og kor alvorleg situasjonen er. Kanskje nærmar vi oss stupet, og sånn sett er det forunderleg at vi marsjerar vidare. Når sjøen tek til å vaska inn over Bryggen, kan vi angra».

DENNE «MARSJEN vidare mot stupet» har eg undra meg over lenge. Her føreligg eit psykologisk fenomen som vitskapen burde kasta seg over for fullt, sameleis som me har eit økonomisk system som heller ingen forstår, og som unge, uindoktrinerte studentar burde bry seg med. Når eg nemner økonomi, er det fordi det fins ein nøye samanheng mellom desse to menneskelege påfynstra; 1) eit menneskeskapt uøkonomisk økonomisk system og 2) ureininga av naturen og rovdrifta på naturresursane. Det sistnemnde er langt på veg eit resultat av det førstnemnde. Samspelet mellom årsak og verknad her har vore synbert så lenge at alle som ikkje er både blinde og døve må sjå og høyra.

Kva er årsaka til at så få vil høyra på vår tids «domsprofetar», når desse spår ei dyster framtid for kloden om menneska ikkje snøggast vil gje verdsskuta ein heilt ny kurs?

Ei av årsakene er kanskje at den føreliggjande situasjonen er så hinsides all sunn fornuft, at seriøst tenkjande menneske knapt kan tru anna enn at profetane må vera falske. Når det i tillegg er slik at profetiane smakar «den rike mannen» ille, skal det mykje til å gje slepp på det innbilte paradiset me for tida kosar oss i. Likevel – med så mange fakta på bordet og når stadig nye ting tyder på at her er det all grunn til å ta faresignala på alvor, burde tusen klokker ringja.

AT DEI PRESUMPTIVT KLOKASTE blant oss når det gjeld økonomi og verdsstyring, dvs. økonomane og politikarane, ikkje har korkje mot eller mannskap til å gjera noko med det som skulle vera hovudoppgåva deira, må me berre innsjå. Dei er så bundne til det økonomiske systemet dei lever i og av. Dei innbiller seg sjølve og alle andre at det går an å bli rikare og rikare ved å gjera jorda sine realverdiar mindre og mindre. Det er tala i bøkene, dei fiktive verdiane, som tel for desse.

Kva så med våre åndelege vegleiarar, kan dei hjelpe? Nei. Som alltid er det dei ufarlege småsyndarane dei er opptekne av. Storsyndarane og vår kollektive synd tykkjest uinteressant. I samsvar med læra deira : ­– Jorda skal dessutan vera ein jammerdal, jorda skal forgå. At enden nærmar seg, er heilt i samsvar med skrifta og med Guds vilje. Dessutan – framtida her på jorda tel lite mot framtida som ventar.

Med andre ord: Alle på øvste dekk, alle dei som har med målsetjinga og styringa av verdsskuta å gjera, tenkjer så visst ikkje på nokon snuoperasjon. Så lenge passasjerane om bord finn seg i å slåss om dei beste lugarane og har moro av det, så kan ein halda stø kurs, om det så måtte bera lukst mot sjølvaste undergangen .

Inga von? – Jau. Det finst menneske som både ser og høyrer: dei som brukar sunt bondevit. Vonleg kan denne flokken veksa seg stor og sterk og det så snøgt at han maktar å snu «den forunderlege marsjen», før det er for seint. Det lyt vera vona me har, me som snart må stiga av skuta.