Det var ikkje fint å koma frå Strilelandet. Om du kalla ein mann for stril, var det ikkje godt meint.

Men så kom visesongaren Johannes Kleppevik med sine viser frå naust og sjø. Han meinte kystkulturen var gløymd bakom stabbur og innlandskultur.

Veg over Torget?

Då det vart snakk om å ta eit stykke av Torget i Bergen og gi det til vegbygging, oppstod ein allianse mellom byfolk og strilar som resulterte i Torgdagen i 1977. Det vart ei mønstring av kystkultur som byen ikkje hadde sett før.

Den kjende skodespelaren Rolf Berntzen og trubaduren Johannes Kleppevik får store deler av æra for den store festdagen.

Filmen

Jan Eivind Holmefjord var ute med sitt 16 mm kamera for å festa hendingane til filmen.

— Eg er glad i kystkulturen og ville ta vare på minna frå denne dagen, fortel han i dag.

Minna strøymer på når han ser den nesten 40 år gamle filmen. Rolf Berntzen er på scena i kjent stil. Politiet har tatt på bartar og gamle uniformer. Vågen er full av gamle båtar og strilar som er komne til Torget for å selja sine varer. Det er tett av folk som er møtt fram.

Ekstremt

— Det var ekstreme tilstandar. Det vart ein enorm oppslutnad, fortel Sigrid-Marthe Kleppevik, dotter til Johannes.

Ho vart fødd året etter, men har fått høyra mykje om det som skjedde denne dagen. I dag er ho leiar i foreininga «Torgdagen i Bergen» som har arrangert Torgdag kvart år sidan 1977.

— Strilekulturen var prega av slit og strev. Det var ikkje mykje tid og krefter til å reflektera over eigen kultur. Folk kasta gamle ting. Båtar og reiskapar som vi i dag ville teke vare på, vart kasta eller brent, seier Kleppevik.

Byfolk og strilar mobiliserte saman for å løfta fram kulturen langs kysten og rundt Torget. Du kan lesa meir om historia bak Torgdagen på Torgdagen sine eigne nettsider.

Kulturminne

Filmen frå Torgdagen i 1977 er teken vare på og digitalisert av bergensfotografen Antonio Stasi. Han har formidla fleire filmar som er publisert av bt.no den siste tida.

— Eg oppfordrar alle som har slike filmar om å ta kontakt. Det er kulturminner som fortener å bli tatt vare på, seier Antonio Stasi.

Hugsar du denne dagen? Fortel i diskusjonsfeltet.