8. januar 1945: Kaptein Nils Strønen (49) står på brua saman med rormann Bjarne Hauge (27). Dampbåten «Fusa» er på veg frå Bergen med 31 passasjerar og last, blant anna 60 tonn gjødsel, mjøl og anna stykkgods. Ei vanleg rute sørover til Os, Samnanger og Fusa, med avgang frå Bergen 12.30. På skutesida og over livbåtane er DS «Fusa» godt merkt med namn og norske nasjonalitetsmerke. Midthordlandske Dampskipsselskap sin eldgamle rutebåt, bygt i 1875, har 11 mannskap. To av passasjerane denne dagen er tyske militære.

SISTE REIS: Fusa fotografert frå det tyske kystfortet på Korsneset idet ho går under og passasjerar og mannskap kavar blant vrakgods i sjøen..
Os-soga

Kald og klar januardag

Det er ein stille, kald og klar januardag i Korsfjorden, temperaturen viser åtte minus. På veg ut av Lerøyosen nærmar båten seg første stopp, Nordstrøno, kapteinen sin heimstad.

Framme ved Skorpo ser han eit tysk vaktskip, deretter rundt 15 fly koma inn frå sør.

Ingen rekognosering

Beaufighter— og Mosquito-flya kjem frå Dallachy og Banff nord for Aberdeen i Skottland - basestasjonar for norske og allierte flystyrkar under Coastal Command. Derifrå har dei i oppgåve å angripa tysk gods- og troppetransport langs norskekysten.

Vêret har hindra den norske 333-skvadronen i å gjera sin daglege rekognoseringstur over Nordsjøen for å påvisa eventuelle angrepsmål for allierte fly på norskekysten.

Desse turane er viktige for å hindra fatal feilbombing, som har skjedd tidlegare i krigen. Det har resultert i protestar overfor dei allierte frå norske flygarar og den norske regjeringa i London.

Som følgje av dei norske protestane er det på alliert side blitt innskjerpa at skip under 500 tonn ikkje skal angripast så sant dei ikkje inngår i konvoi. DS «Fusa» var berre 172 tonn, og eit godt stykke unna nærmaste skip.

«Attack!«

Ved middagstider denne måndagen har vêret betra seg i Skottland. 20 kampfly tek av og kryssar Nordsjøen for å patruljera skipsleia mellom Haugesund og Marstein fyr. Etter å ha lagt bak seg Bømlafjorden, Langenuen og Bjørnafjorden kjem formasjonen inn lågt over Korsfjorden.

Den kanadiske skvadronsleiaren William Christison blir merksam på fleire skip; to slepebåtar, ein tysk forpostbåt - og «Fusa». Han meiner han ser kjølstriper på fjorden som tyder på konvoi, vurderer Fusa til eit handelsskip på 1200 tonn og må ta ei rask avgjerd. Straks lyder det «Attack! Attack! Attack!» over radiosambandet. Tolv Beaufighter-ar fordeler seg på fartøya og fyrer av granatar og rakettar i fleire omgangar før dei forsvinn vest over havet like før klokka 15.

I tre omgangar fyrer dei laus med mitraljøser og rakettar mot det ubevæpna fartøyet. Det tyske kystfortet på Korsneset opnar eld mot flya. Dette kan ha fått dei allierte flygarane til å tru at det er «Fusa» som skyt. På båten blir det slått stopp i motoren, vatnet fossar inn i store hol i styrbord baug.

Den tyske vaktbåten «Unitas» står i brann, tre soldatar om bord er drepne. Taubåten «Trygg» og ein lekter på slep er senka — to av mannskapa der er drepne. «Fusa» er på veg mot undergangen. I alt misser ni nordmenn livet i det sju minutt lange flyåtaket.

Milorg-mann drepen momentant

Fire av passasjerane om bord i Fusa blir drepen momentant av prosjektil. Blant dei er Henrik Henriksen Søfteland frå Os, motstandsmann i Milorg, med falske identitetspapir fordi han sidan november hadde lege i dekning i Strandvik. I skipslasta hadde han skjulte forsyningar til rundt 20 Milorg-medlemmer som hadde gått i dekning i distriktet.

Kaptein Strønen er treft i ein finger og under auget, men blir verande på brua under heile angrepet. Han varslar naudsituasjonen med lange støyt i dampfløyta. Strønen ser at båten er i ferd med å søkkja og gir ordre om start i maskinen, i eit forsøk på å få «Fusa» inn til land. Mannskapet hjelper passasjerar med å få på livvest. Livbåtane blir sette på sjøen, men er gjennomhola av kuler og tek inn mengder med vatn. I mangel på bergingsmiddel samlar folk plankar og eit salongbord som dei prøver å flyta på.

GAMLE DAMPEN: DS Fusa var ein trufast slitar i rute mellom Bergen, Os, Samnanger, Fusa og Tysnes.
Bergens Sjøfartsmuseum

50— 60 meter frå Korsneset støyter «Fusa» mot skjeret Blia. Etter nokre minutt går ho ned med baugen først og legg seg på 30 meters djup. Frå land ser tyskarane på kystfortet folk som kavar i sjøen mellom vrakgods og søkkjeferdige livbåtar.

Går ned med båten

Kaptein Strønen si søster, Gurine Austbø, er blant passasjerane. Ho druknar i den iskalde sjøen på ein dag det er ned mot åtte minusgrader i lufta.

Restauratrisa på «Fusa», Hilma Marie Zahl, blir sist observert idet ho forlèt akterdekket og går ned i lugaren sin for å henta noko. Ho går til botna med skipet. Dottera Gunvor overlever. Ein annan frå mannskapet, kollempar Fridtjof Urdal, er skadd og døyr på Haukeland sjukehus dagen etter.

Passasjerane som mister livet i tillegg til Austbø og Henriksen er Wilhelmine Osten, Johanna Madsen og Bjarne Kristoffer Brendøy.

Kaptein Nils Strønen er blant dei siste som hoppar i sjøen før båten går ned. Han blir dregen under av dragsuget frå «Fusa», men strevar seg til overflata og blir berga av fartøy som kjem til. Strønen får lungebetennelse, slik at sjøforklaringa finn stad først 6. februar i Bergen tingrett, for lukka dører.

— I det ragnaroket som desse krigshendingane var, er det forståeleg at feil kunne skje. Det var snakk om unge pilotar som måtte ta raske og vanskelege avgjerder, seier historikar Svein Ove Agdestein.

Kjelder: Sjøforklaring Bergen tingrett, Halvor Sperbund, Os-soga/Arnfinn Haga, warsailors.com, Otto H. Næsgård Andersen