Det finst garantert meir komfortable måtar å tena ein slik sum på, men dette er altså premien som er lova til dei som klarer å kjempa seg til toppen av Horgaletten (1000 m.o.h.) raskare enn fjellgeita frå Østerdalen. «Horgi Opp» er så ekstremt at du blir sliten berre av å studera løypeprofilen: med ski på beina skal du opp 853 høgdemeter, i ei løype som strekk seg over 7,3 km. Starten går der Bavallsheisen starter. Så er det opp alpinbakken med kurs mot Hangurstoppen. Så kjem eit parti med litt unnabakke, før det igjen ber rett til himmels med toppen av Horgaletten som endestasjon.

Elskar motbakker

– Skal du slå Therese opp der, skal du vera god, for ho er utruleg sterk. Therese elskar motbakkar og tunge sliteforhold, forklarer rennsjef og tittelforsvar Kristen Skjeldal. I fjor var det berre seks herreløparar som klarte å slå henne, så lettente pengar er det ikkje snakk om. Skjeldal ser at han får sin fulle hyre med å kjempa seg til ein plass på pallen i år.

For det er litt av eit beite som kjem til Voss: Petter Northug Jr, Tor Arne Het-land, Jens Arne Svartedal, Frode Andre-sen, Morten Eilifsen, Geir Ludvig Aasen Ouren, Jon Tvedt, Kristin Størmer Steira – og ikkje minst: dei svenske stjerneløparane Anders Södergren og årets Tour de Skivinnar Charlotte Kalla.

Hetland mobbeoffer

– Kor mange trur du er i stand til å slå Therese Johaug denne gongen?

– Det blir nok fleire enn i fjor, fordi ni-ået er høgare i år, svarer Skjeldal.

Han veit iallfall om ein som har rimeleg stor revansjelyst: Tor Arne Hetland. Mannen med både VM— og OL-gull var nemleg blant dei som måtte sjå seg slått av energiske Therese Johaug i fjor.

– Han blei frykteleg mobba og erta av dei andre landslagsløparane ei god stund etterpå, så han har nok planar om å revansjera seg. Eg ser ikkje bort frå at han kan ta ein av dei fremste plassane, seier Skjeldal. Han held Anders Södergren som klar favoritt. Svensken er ein sterk mann i motbakke, og har også to strake triumfar frå 5-mila i Holmenkollen.

Skjeldal trur også Morten Eilifsen og Frode Andresen vert å rekna med.

– Frode var nummer tre i fjor, men var frykteleg forskjøla rett før løpet. Så han kan betre enn han fekk vist. Morten Eilifsen tok jo to NM-gull i år, og han har også sin styrke i motbakkane. Det er nok å minna om at han vart nummer to bak Jon Tvedt i Skåla opp, seier Skjeldal.

Trur på folkefest

– Det blir også spennande å sjå om Charlotte Kalla og Kristin Størmer Steira kan greia å bita seg fast i ryggen på Therese. Kristin var jo veldig bra opp bakken i Tour de Ski, påpeiker Skjeldal.

Han trur på folkefest, slik det også var i fjor. Alle som var i alpinbakken den dagen fekk sjå løpet frå orkesterplass.

– Det var mellom 2000 og 3000 tilskodarar, fortel Skjeldal, som oppmodar folk om å ta ekspressheisen til Hangurstoppen og sjå første del av løpet derfrå. Vidare kan dei ta Slettefjellstrekket frå Storestova og så vidare med Horgalettrekket opp til målgangen.

  • Det vert også langrennscross for jenter og gutar 11-16 år. Dei får sjansen til å bli instruert av dei store profilane ganske kjapt etter at rennet er over.

Les fleire nyheter frå Voss på lokalsidene våre

SLÅR GUTTA: Therese Johaug (t.v.) er så god til å gå motbakkar, at det er lova ein «dusør» på 2000 kroner til dei som klarer å nå toppen før henne i morgondagens «Horgi Opp» på Voss.
Svein Ulvund