Lilla, rosa, svart. Kortkorte shorts og solide leggvarmarar. Tøy til å tøye, bøye, danse ballet og breake i. Men først og fremst ta seg ut i.

– Moro, moro, moro, seier designguruen Simen Staalnacke i Moods of Norway. Han har nettopp sett DUG-kolleksjonen bli presentert for første gong for motepublikummet på Oslo Fashion Week. Tøffe, trendy tre-ningsklede, designa i Førde og Stryn.

Vil vere eit trendy fylke

I salen sit også ein stortingsrepresentant frå heimfylket og ordføraren i Stryn. Fråflyttingsfylket vil gjerne profilere seg på ungdommeleg design, og vise fram eit alternativt Sogn og Fjordane. Derfor sender til og med fylkeskommunen folk til Oslo for å representere ved catwalken.

– Dette viser den moderne sida av Sogn og Fjordane, seier sekretariatsleiar Knut Henning Grepstad.

Han er begeistra over det han nettopp har sett. Faktisk kunne han tenkt seg nokre plagg til eigen garderobe.

– Kolleksjonen er frisk og nyskapande, og høver både til fritid og fest. Dette vil slå godt an både hos menn og kvinner.

DUGnadsprosjekt

Ved catwalken står også Ove Henning Solheim – gründeren av kompetansesenteret Dans uten grenser (DUG). Ideen til treningstøykolleksjon er hans, og sidan november har det gått fort i svingane.

På berre fire månader har designprosjektet til DUG klart å skape ein ung kolleksjon med 35 plagg i samarbeid med designbyrået Farmhouse i Stryn og Innovasjon Norge. I går kom det ferdige produktet inn i varmen til Oslo Fashion Week.

I tillegg til designarar og designstudentar på Vestlandet har prosjektet henta impulsar frå dansande ungdom landet rundt.

– Dei har sett sitt preg på snitt, fargeval og funksjonalitet. Det har vore høg temperatur av og til, avslører Solheim.

I dag reiser han til Island for å presentere kolleksjonen. Kanskje blir DUG-kleda å finne i islandske butikkar først.

– Dette er ungt, sprekt, innovativt. Vi er berre i startgropa, forsikrar han.

Bjelland, Håvard
Bjelland, Håvard
Bjelland, Håvard
LA MEG VERE UNG: Ung, tøff mote også for gutar. Dansarar og modellar var importert vest-frå til catwalken i Oslo.
Bjelland, Håvard