For 85 år sidan var det møte i det amerikanske senatet i Washington. Saklista hadde berre eitt punkt, og vedtaket var samrøystes: Senatet skulle avslutta forhandlingane sine for den dagen, og møtast att neste morgon. Det er ein uvanleg og vakker skikk som dei framleis praktiserer: Når eitt medlem av det sitjande senatet går bort, skal det haldast minnemøte til ære for den døde.

Det var den mangeårige senatoren frå staten Minnesota som 29. april 1923 stille og fredeleg sovna inn i toget som skulle føra han heim att til småbyen Alexandria, nokre mil utanfor Minneapolis. Senatoren heitte Knute Nelson, han vart åtti år gamal, han hadde vore guvernør i heimstaten, medlem av kongressen både heime og i Washington og no altså senator. Då han mange år tidlegare kom til Alexandria, eksisterte det ikkje nokon by. Knute var ein av dei mange norske som tok seg ”homestead” på prærien i Minnesota, dyrka opp landet han hadde fått tildelt, oppfylde krava om å byggja seg hus slik at han kunne bu på den nye garden, grov seg brønn og planta den treklynga som skulle markera at her budde det ein bonde. For bonde var han all sin dag.

Når våren og sommaren kjem , er det også tida for alle amerikanarane av norsk rot som dreg til gamlelandet for å leita opp ”røtene” sine. På Voss vil dei finna statuen over ein annan Knut, Knute Rockne, den legendariske fotballtrenaren. På Evanger står minnesteinen over Knute Nelson, og det minnet er endå meir spesielt: Her kan ein hylla den norskamerikanaren som nådde lengst i det nye heimlandet. Andre har nok nådd endå eit steg vidare, både Hubert Humphrey og Walter Mondale vart visepresidentar, men dei var etterkomarar, Knute Nelson var første generasjons utvandrar.

Det var ein farlaus gutunge som fylgde den ugifte mor si over Atlanteren til det landet der det framleis er viktig å vera ein "norskie”. Dårlegare start i livet kunne ein knapt få, det nye landet var nesten folketomt, indianarkrigane var enno ikkje heilt slutt, og skulle du koma deg vidare, hadde du berre dine eigne krefter å lita på, i bokstaveleg forstand. Prærien var nok god, men rikdomen måtte du slita ut av landet.

Første heimstaden var i Wisconsin, den første av dei store ”norske” statane. Der gifte mora seg og levde resten av sitt liv og fekk ei stor etterslekt. Knute dreiv det langt, han vart advokat og politikar – etter at han hadde vore nordstatsoldat under mesteparten av borgarkrigen. Det er interessant i seg sjølv, det var eit opprør: Den unge nordmannen braut med heimekyrkja fordi ho sa at slaveri ikkje i seg sjølv var synd, det var det slaveriet førde med seg. Knute vart metodist, for metodistane var glødande slaverimotstandarar. Seinare i livet kom den lutherske kyrkja på betre tankar, og Knut vende heim til gamlekyrkja, og gav bort mesteparten av landet til ein luthersk gamleheim då han døydde.

Norskamerikanarane var nok stolte av bondepolitikaren sin, men då han døydde, var det som ekte amerikanar han vart hylla – og dei som i Senatet tala varmast om han, var sørstatspolitikarar som fann ein ven i nordstatsoldaten, og ein av den gamle austkystadelen, Henry Cabot Lodge frå Massachusetts, etterkomar av engelskmennene om bord i ”Mayflower”. Både i politiske tankar og politisk arbeidsstil vart Knute Nelson den typiske midtvestpolitikaren, han som let veljarane legga beina på bordet når dei kom på kontoret hans, og ville helst at dei skulle kalla han Knute, eller gjerne ”Vetlevossen”, han var liten av vekst. Og møtte han ein veljar utan husrom for natta, så bad han heim til det store huset sitt. Slikt vart det røyster av, Knute møtte knapt motstand når han stilte til val!

Det står ei stor statue av han utanfor Capitol i Minneapolis/ St. Paul. På den eine sida står ein nordstatsoldat, på den andre sida ei kvinne med ein liten gutunge. Det summerer opp livet hans!

Kjartan Rødland