I november 2002 spraya Janne L. Håkonsen (25), Åsgeir Sundan (22) og Tiffany Morrell (24) slagord på plakatar og lysmontrar som viste undertøysreklame for Hennes & Mauritz. Dei tre vart tatt på fersk gjerning av politiet, og det enda med tiltale, etter at dei ikkje ville betale bøtene dei fekk.

— Vi meiner plakatane og reklamen var kvinnediskriminerande og ulovleg, og at vi ikkje har gjort noko gale, seier Håkonsen.

Sundan og Morrell er også tiltalte for å ha vore med på okkupasjonen av Høyres Hus, til støtte for Blitz-huset i Oslo. Morrell må i tillegg svare for okkupasjon av eit hus i Jonsvollkvartalet, i forkant av rivinga.

- Ikkje pøbelstrekar

Dei tre meiner bergenspolitiet har stramma grepet i slike saker dei siste åra. Kvinnegruppa Ottar har rekna ut at 15 aksjonistar frå venstresida i Bergen har vore trekt for retten dei siste 18 månadene.

— Før hadde vi eit ryddig forhold til politiet. Men etter at Rolf B. Wegner gjekk av som politimeister har dette endra seg. Politiet er meir aggressive, og bøtene vi får er større enn før, seier Håkonsen.

Støtte frå Kvinnegruppa Ottar har gjort dei i stand til å stille med advokat i retten i dag. Strafferamma er ikkje så høg at dei har rett på fri rettshjelp.

— Vi meiner det må vere lov å ytre seg slik vi gjer. Dette er ikkje pøbelstrekar frå vår side, men gjennomtenkte politiske handlingar, seier Sundan, som så seint som i førre veke fekk nye 10.000 kroner i bot etter å ha vorte henta ned frå taket i Jonsvollkvartalet.

Alle tre har vore skuleelevar eller studentar den siste tida, og har ikkje økonomi til å betale mange tusen kroner til statskassa.

- Strengare i Bergen

Dei tre reagerer også på måten politiet oppfører seg på.

— Vi har alle tre vorte strippa på cella. Politiet seier dei ser etter skjulte våpen og narkotika. Men det er berre eit påskot for å fornedre oss, seier Sundan.

Advokat Håkon Helle meiner politiet har ei dårleg sak.

— Når det gjeld sprayinga mot Hennes & Mauritz og Clear Channel, meiner vi plakatane var ulovleg sett opp. Selskapa har heller ikkje meldt saka til politiet eller kravd erstatning, seier Helle.

Politiadvokat Erik Johnstad, som skal føre saka mot aksjonistane, ønskte i går ikkje å kommentere kritikken mot bergenspolitiet.