HANS K. MJELVA

TONJA ULVENES YSTAAS

INGRID RABBEN

Når rettssaka mellom Bergen kommune og reklameselskapet Clear Channel byrjar i Bergen Tingrett klokka ni i dag, er utfallet heilt ope.

Etter først å ha lyst ut ein konkurranse om å levere reklamefinansierte byromsmøblar (busskur, toalett og syklar) i 2003, vart ein ferdigforhandla avtale med Clear Channel vraka av bystyret i oktober 2005.

No vil Clear Channel ha tilbake pengane dei brukte på konkurransen, i alt 6,8 millionar kroner.

— Vi meiner Bergen kommune hadde ein feil prosess ved at dei unnlet å avklare prinsippet om Bergen skulle ha reklamefinansierte bymøblar før Clear Channel vart invitert til å delta i konkurransen, seier Clear Channel-direktør Jan Tore Endresen.

Ein dyr skreddar

Kommunen tok atterhald om at dei kunne avlyse konkurransen når som helst, i utlysingsteksten i 2003. Det held ikkje, meiner reklameselskapet.

— Det rammer ikkje denne situasjonen. Det er eit generelt atterhald som ikkje omfattar den avlysinga som skjedde, seier Endresen.

— Korleis då?

— Det handlar om grunnlaget vi deltek på, seier han, utan at ønskjer å grunngje det meir. Det overlet han til advokatane.

I staden serverer han det han kallar «ein folkeleg variant»:

— Kommunen bad oss pådra oss kostnaden med skreddar til ein fest, og når vi kjem så er festen avlyst. Vi vil ha skreddarrekninga vår dekt, og det meiner vi det er grunnlag for i lov om offentlege innkjøp.

Kommunar har tapt før

Det er slett ikkje umogleg at Clear Channel vinn fram i tingretten. Lovverket set nemleg klare krav til kva som skal til for at ein kommune kan avlyse ein anbodskonkurranse.

— Regelverket set krav om sakleg grunn. Du kan ikkje berre avlyse ein konkurranse slik ein sjølv finn det for godt, seier rådgjevar Erlend Pedersen i Klagenemnda for offentlege anskaffelser (Kofa).

Det finst døme på at private selskap har vunne fram i Kofa mot kommunar som ikkje har klarert tilhøva for konkurransen godt nok på førehand.

— Vi hadde ei sak tilbake i tid, med sal av eigedommar der ulike juridiske tilhøve ikkje var avklart før konkurransen vart lyst ut. Der kom klagenemnda til at desse burde vore avklart på førehand. Når konkurransen seinare vart avlyst, vart det ikkje rekna som sakleg grunn, seier Pedersen, som legg vekt på at han ikkje kjenner Clear Channel-saka, og uttalar seg på generelt grunnlag.

- Sjeldan demokratisk

No er Kofa berre ei tvistenemnd. Truleg er det første gong ei slik sak blir fremja for ein vanleg domstol. Dermed kan saka får store følgjer kommunar i liknande saker i framtida.

Kommuneadvokat Helge Strand vil då òg prosedere i denne veka på at saka handlar om lokaldemokratiet.

— Bergen kommune har gjennomført ein sjeldan demokratisk prosess, der innbyggjarane gjennom engasjement og initiativ snudde det som såg ut til å vere eit politisk fleirtal for avtalen. Og byutvikling er lokaldemokrati, og politikarane må ha høve til å vere politikarar i ei så politisk sak, seier han.

MØTAST IGJEN: 20. oktober 2005, få dagar før bystyret sa nei til Clear Channel-avtalen, følgde dåverande administrerande direktør Toivo Møller-Pettersen og direktør Jan Tore Endresen i Clear Channel Norway nøye med då kommuneadvokat Helge Strand avviste at eit nei til reklameavtalen vil koste kommunen dyrt. Denne veka kjem saka opp for Bergen Tingrett.ARKIVFOTO: HELGE SKODVIN
Skodvin, Helge