— Eg blir overgidde når du seier det. Inntektsstatistikken frå Statistisk Sentralbyrå overraskar sjukepleiar Sølvi Arlen Hidle på Bømlo bu- og rehabiliteringssenter.

Men etter å ha tenkt gjennom kva venninner og kjente gjer, har ho også ei forklaring: Berre ei ho kjenner er i arbeid på full tid. Av deltidsarbeid blir det deltidsløn.

— Eg vil seie at det fleste arbeider deltid av dei eg har rundt meg, seier Hidle.

- Bra for familien

Sølvi Arlen Hidle er sjølv i halv stilling, noko ho har vore heilt sidan første barnet vart fødd for ti år sidan.

Ei bra ordning for familien, meiner Hidle.

Mannen vurderte å arbeide deltid for nokre år sidan. Men det var vanskleg å få forståing for det på hans arbeidsplass. Slikt er lettare i det offentlege, der helsevesenet er ein stor arbeidsgivar.

Adjunkt Anne Vikanes arbeider i ungdomsskulen på Moster på Bømlo. Ho vart ikkje så veldig overraska over inntektsstatistikkane.

Mannsdominerte

Den private arbeidsmarknaden er i stor grad mannsdominerte yrke, og dessutan er mange menn sysselsette som sjøfolk og i olja i Nordsjøen.

— Det virkar som om mange familiar her har ein grei, rommeleg økonomi. Dei treng ikkje vere begge i full jobb, seier Vikanes.

— Moster er kanskje ei litt sånn tradisjonell bygd, der ganske mange kvinner er ute i jobb, men ikkje i full jobb, seier Vikanes.

Men det er teikn til endring.

Dei åra Vikanes sine barn gikk i barnehagen, måtte avdelinga for fulltidsplassar utvidast fleire gonger på grunn av auka etterspurnad.

DELTID: Sølvi Arlen Hidle arbeider deltid. Med eitt unntak er alle hennar venninner deltidsarbeidande eller heimeverande.
FOTO: OGNE ØYEHAUG