— Eg ser på dette som eit gjennombrot. Dete er ein historisk sjanse til å få restaurert ei av dei beste fiskeelvane i landet, seier Bjørn Vike, leiar for eigarane langs Aurlandsvassdraget.

I nabobygda, der E-Co planlegg tiltak i to sideelvar til det verna Flåmsvassdraget, er dei derimot skeptiske.

— Vi kan ikkje akseptere noko tukling med vassføringa, seier leiar i Flåm elveeigarlag, Anders Fretheim.

I Aurlandselvi tek kaldt vatn livet av fisken. Vatn blir ført i tunnelar frå magasina i fjella ned i kraftstasjonen i Vassbygdi. Derifrå blir det sendt ut i Vassbygdvatnet. Medan vatnet før blei oppvarma frå fjell til fjord, held det no seg kaldt i tunnelane. Resultatet er at vatnet har blitt fleire grader kaldare på strekninga frå Vassbygdi til Aurland. Så kaldt at yngelen døyr.

Planane E-Co presenterte i Aurland fredag, inneber at elveeigarane får gjennomslag for ein tanke dei sjølv har lansert: Å føre alt det kalde vatnet i ein tunnel utanom vassdraget og rett i fjorden.

— Dette er eit framlegg som vil kunne heve temperaturen i Aurlandselvi. Det er også ein plan som vil hindre fisk frå å feilvandre inn i kraftverkstunnelar og misse livet i turbinane. Men eg ser at det vere kontroversielt for Flåm, seier Vike.

I Flåm vil Anders Fretheim no først kalle inn til samling i elveeigarlaget, og deretter be om eit nytt møte med E-Co for å få meir informasjon om kva dei tenkjer seg.

— Flåmselvi er heilt på grensa til å vere for kald. Det er ei marginal elv for laks og sjøaure. Er det noko eg kjenner meg rimeleg trygg på, så er det at alle tiltak som endrar forholda i vassdraget er negativt for fisken.

Aurlandsordførar Olav Ellingsen understrekar at det er svært tidleg i prosessen. Det er kommunen som har utfordra kraftprodusenten til å kome med tiltak som kan bøte på rasfaren.

— I informasjonen vi fekk fredag er det mange element som er nyttige både for kommunen og E-Co. Så langt ser eg på dette som ein vinn-vinn-situasjon.