Sidan tysdag har det totale trafikkaos rådd både i Bergen og fleire andre stader på Vestlandet.

Bilistar på sommardekk har spunne og glidd i hytt og pine langs gater og vegar.

Likevel: Etter det Bergens Tidende har klart å bringe på det reine, skreiv ikkje politiet ut ei einaste bot til dårleg skodde bilførarar tysdag og onsdag.

Nok med trafikken

— Det stemmer at vi ikkje bøtela alle dei bilistane som var for dårleg skodd. På slike dagar har vi meir enn nok med å få avvikla trafikken, seier UP-sjef i region vest, Leon Nordanger.

Likevel er lova klar: Einkvan bilførar har ansvar for å vere forsvarleg skodd på det føret han eller ho legg ut på. På kaos-dagar kan politiet i praksis først reagere når ulykka er ute.

— Det er klart at vi burde reagert mot mange, men vi har rett og slett ikkje kapasitet. Det stod jo folk i grøfta overalt. Men ved ulykker med personskade vil vi likevel slå til dersom den involverte har for dårlege dekk. Da kan reaksjonen bli alt frå eit førelegg til ein tiltale for aktlaust drap, avhengig av alvoret i saka, seier Nordanger.

Ved uhell med berre materielle skader minner Nordanger om at forsikringsselskapa ofte vil avkorte erstatningsutbetalinga dersom dekka ikkje held mål.

Uproffe yrkessjåførar

— Folk må likevel vere klar over den store risikoen dei tek ved å kjøre på uforsvarlege dekk, seier UP-sjefen, som undrar seg over at så mange ventar den ekstra dagen for lenge med å legge om frå sommar- til vinterdekk.

Ekstra fortørna er han over alle yrkessjåførane som har problem.

— Vi såg svært mange som kom opp i problem. Og dei som måtte vente, nytta ikkje høvet til å legge på kjetting, seier han.

Nordanger peikar spesielt på situasjonen på E39 over Romarheim tysdag kveld, da vogntog sperra vegen i fleire timar. Trass i at mange andre tunge kjøretøy venta, nytta dei ikkje høvet til å legge på kjettingar - og kjørte seg fast da det første kjøretøyet endeleg kom seg vidare. Dermed stoppa trafikken på nytt.

— Ein 50-tonnar på glid har eit svært stort skadepotensial. Å sperre ein slik hovudveg er alvorleg, og eg er forundra over så mange yrkessjåførar ikkje tek dette meir alvorleg. Vi burde kunne stille strengare krav til dei som skal vere profesjonelle enn til den vanlege bilist, meiner Nordanger.