Storavisa New York Times har ein artikkel om mastemotstanden på Vestlandet. Og i byrjinga av artikkelen gjer dei eit poeng av kor lite endringsvillige vestlendingane er.

«I dei djupe fjordar på vestkysten av Noreg, kjem ikkje endringane lett. Då det første hotellet vart sett opp i Norheimsund i 1857, protesterte dei gudfryktige innbyggjarane. Dei frykta hotellet ville føre med seg drikking og lausaktige kvinnfolk. Så det er ikkje overraskande at dei også er i mot planane om kraftline, » står det artikkelen.

Protestane var nemleg store då Sandven hotell i Norheimsund blei bygd i 1857. Religiøse delar av befolkninga frykta det verste, og trudde både drikking, horing og anna djevelskap kom til å prege den idylliske tettstaden ved Hardangerfjorden.

Vil ikkje ha den

Dette linkar avisa til dagens motstand mot kraftlina, og konkluderer med at dei ikkje kjem lett, endringane på Vestlandet.

— Hehe, vi er slett ikkje i mot endringar. Men vi likar ikkje endringar som kjem utanfrå, seier ordførar Astrid Farestveit Selsvold (Sp) i Kvam Herad, som sjølv er motstandar av lina i Hardanger.

NYT har intervjua både forkjemparar og motstandarar i artikkelen. Ein av forkjemparane, direktør Håkon Borgen i Statnett, meiner i artikkelen at motstandarane rett og slett ikkje vil ha lina.

Han er intervjua nettopp på Sandven hotell, medan han et vaflar og drikk kaffi.

Stabilt forbruk

Under intervjuet fortel han kor mykje han har gått i fjellet og sigla i området medan han budde i Bergen. I 1995 flytta han til Oslo og byrja i Statnett.

— Dei same folka som har engasjert seg mot lina, er dei same som har auka sitt eiget kraftforbruk, seier han.

Påstanden blir tilbakevist av Ingunn Halvorsen i BKK.

— Gjennomsnittsforbruket pr. person er nokolunde stabilt, seier ho.

— Det er industrien og auke i folketalet som krev meir straum. Difor ønskjer ein å byggje lina.

Er vestlendingar redde for endring? Sei di meining i kommentarfeltet.