Vestlandsrådet vil ha planleggingsansvar og gjere bindande prioriteringar av riksvegar. Dei vil ta over drifta av riksvegferjene. Rådet vil på same måte planlegge og sjølve prioritere stamvegprosjekt på Vestlandet. Dei vil også disponere midlar for å leggje til rette for kollektivtransporten.

Får Vestlandsrådet gjennomslag for dette, betyr det ei klar overføring av makt og mynde frå staten til landsdelen. Samferdsle peikar seg ut som prøvesteinen på om nyskapningen kan bli slagkraftig.

Makt

— Vi har fått positive tilbakemeldingar. Regjeringa er i alle fall villige til å vurdere vårt framlegg, kommenterer fylkesordførar Gisle Handeland i Hordaland.

Handeland er ein av dei 20 som i dag møtest i Stavanger for å konstituere Vestlandsrådet. Hordaland-ordføraren understrekar at Vestlandsrådet ikkje skal bli eit fjerde forvaltningsnivå mellom fylkeskommunane og statsmakta:

— Grunnlaget for alt arbeid skal skje i dei fire fylka.

Det same påpeikar hans kollega i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal.

— Fylkestinga skal bestå. Skal Vestlandsrådet få makt, må det skje ved at fylkestinga gjev frå seg makt. Denne debatten skal vi no ta til på, og det blir svært spennande.

Hårfin balansegang

Skal eit opplegg der Vestlandet tek større ansvar for eiga samferdsle fungere, må dei endelege avgjerdene bli tatt i rådet. I praksis eit organ som står over fylka. Og blandar staten seg inn og overprøver, kan rådet fort få status som eit supperåd. Lina er syltynn og balansegangen blir hårfin.

— Skal eit råd ha ein funksjon, må det også ha ei viss makt, meiner Hordalands fylkesordførar.

— Skal Vestlandsrådet få ein funksjon, tru eg det er heilt nødvendig at rådet får avgjerdsmynde på enkelte område, kommenterer Sandal.

Synleggjere

Handeland meiner samarbeid og synleggjering blir viktigaste arbeidsområda.

— Vår oppgåve blir å vere synlege i vesentlege saker som gjeld Vestlandet. I tillegg må vi komme raskt på bana og få i gang samarbeid om konkrete saker og prosjekt.

Bortsett frå samferdsle har dei fire fylkeskommunane som er med i samarbeidet også blinka seg ut kultur, det marine og maritime området og internasjonalt samarbeid som viktige satsingar i startfasen.

— Ikkje minst innanfor oppdretts- og fiskerinæringa og vidare utvikling på dette området har desse fire fylka store felles interesser, seier Handeland.

VIL HA MAKT: Fylkesordførar Gisle Handeland i Hordaland, fylkesordførar Nils R. Sandal i Sogn og Fjordane og fylkesordførar Roald G. Bergsaker i Rogaland er sentrale aktørar når Vestlandsrådet samlast i dag til sitt første møte.<p/> ARKIVFOTO: ARNE NILSEN