Håpet er at bygget kan gi avlastning når mange av bergensskulane må renoverast.

Skulebyråd Harald Victor Hove (H) seier mangelen på avlastningsbygg er eit av dei store hindera for å få fortgang i oppussinga av skular i Bergen.

— Pr. i dag er alle alternative oppteken. Me kan ikkje ha det slik at alle skulane må venta i kø, slik at ingen får begynt på oppussing før det førre prosjektet er ferdig. Det blir ein flaskehals som gjer at det blir uhandterbart å bli ferdig i tide, seier han.

- Vil løysa mange behov

På tysdag blir handlingsplanen for dei elleve neste skulane i Bergen som skal pussast opp lagt fram i byrådet. Nøyaktig kor mange skular som treng så omfattande oppussing

at elevane må flyttast vekk, vil Hove enno ikkje gå ut med. Men at det blir stort behov for avlasting, veit han.

— Me kjem til å byggja skular i ti år framover. Å ha tilgang til lærarhøgskulebygget ville difor løyst ei rekke behov knytt til vår skulesituasjon, seier Hove.

Unngår splitting

Lærarhøgskulen blir ståande tom etter at lærarstudentane flyttar til Høgskolen i Bergen sine nye lokale på Kronstad i 2014. Bygget på Landås er 18.000 kvadratmeter stort, meir enn fire gonger så stort som Landås skole. Det har to gymsalar, symjebasseng, og fleire spesialrom, mellom anna tilpassa musikkøving. Bygget vil med andre ord ha meir enn god nok plass til elevar frå skular som må stengjast for renovering.

— Mange skular skal totalrehabiliterast, eller rivast og byggjast opp frå grunnen. Då får me lange periodar der skular skal flyttast på rot. Og det er betre å flytta ein heil skule, enn å måtta dele opp og fordela, seier Hove.

Etat for helsetenester i Bergen kommune har tidlegare gått ut og åtvara mot at elevar ved skular vert splitta opp og flytta.

Kan også romma barnehage

Hove ser også mogelegheita for at bygget kan romma meir enn ein avlastningsskule.

— Me har mykje verksemd knytt til skule og barnehage spreidd rundt i byen, som me i staden kunne lokalisert her. Vaksenopplæringa treng på sikt nye lokale, og det er store uteområde som gjer at bygget også er eigna til barnehage. I tillegg kunne bygget løyst nokre behov på kultursida, seier Hove.

Hove påpeikar at det enno er svært tidleg i prosessen. Bygget er enno ikkje lagt ut for sal. Men han kan bekrefta at kommunen har vore i dialog med Statsbygg som er eigar, om eit mogeleg kjøp.

— Me opplever positiv interesse for de. Ein del av avgjersla for oss er om det lar seg gjera å betala det det kostar. I tillegg har bygget eit opprustingsbehov, og må gjerast relativt omfattande tilpassingar på. Det gjer at prisen må vera deretter for at me skal vera interesserte i å kjøpa, seier Hove.

NLA også interessert

Torbjørn Nævdal, regiondirektør i Statsbygg, bekreftar at Statsbygg og Bergen kommune har vore i kontakt om lærarhøgskulen.

— Dei har også vore på synfaring for å sjå om bygget er eigna, men sidan har eg ikkje høyrt meir, seier han.

Bergen kommune er likevel ikkje åleine om å vera interessert i bygget. Nævdal seier at også NLA Høgskolen har vore i kontakt om bygget.

— Prosessen no framover blir at me kontaktar alle statlege institusjonar, for å høyra om dei er interessert i bygget. Om ikkje, opnar me for andre interessentar, seier Nævdal.

Bergen kommune har difor i utgangspunktet ingen fortrinn til å kjøpa bygget, med mindre det kjem beskjed om det frå departementet.

— For oss er det å føretrekkja at bygget framleis blir brukt til undervisning, men me kan ikkje driva med konkurransevriding utanom for statlege leigetakarar, seier Nævdal.