På heimebane i Fusa har dei fem små døtrer. Samstundes er dei suksesstrenarar på rekruttlandslaget i skiskyting.

Og for eit lag! Lars Berger, Stian Eckhoff, Hans Martin Gjedrem og Ronny Hafsås, for å ta dei mest kjende.

Dei to første har ei merittliste på 16 pallplasseringar i verdscupen, pluss tre VM-gull i langrenn (Lars Berger i 2005 og 2007). Vidare har Hans Martin Gjedrem vore innom podiet ein gong — medan Ronny Hafsås slo igjennom i fjor, og er spådd ei stor skiskyttarkarriere.

— Han er eit stort talent. Han kan bli best i verda, kjem det frå Raphael.

Har snille koner

Laget som dei to svograne og tidlegare skiskyttarane har ei god hand om, er av mange omtalt som verdas beste B-lag.

Men det spørst likevel om ikkje det er A-laget som er att heime i Hålandsdalen. For der sit skiskyttarfruene og søstrene Liv Grete Skjelbreid Poirée (34) og Ann-Elen Skjelbreid Gjelland (37) med ikkje mindre enn fem småjenter.

Dei har kome til verda i tidsrommet frå januar 2003 til oktober 2008.

— Vi får berre jenter, vi, ler Raphael, og ser ikkje ut som om han har noko imot det. På spørsmål om korleis dei klarer å finna tid til å farta rundt som landslagstrenarar, kjem det unisont og nesten samstemt frå dei gamle meistrane:

— Snille koner og greie besteforeldre! Utan hadde det sjølvsagt ikkje gått.

Rakk fødselen

— Raphael leiar 3-2, han ligg litt før meg i løypa, ertar Egil Gjelland (35), og hintar til at det berre er ein dryg månad sidan Raphael og Liv Grete blei foreldre for tredje gong.

Då kom vesle Lena til verda, og Raphael avbraut som seg hør og bør landslagssamlinga som han og Egil var på i Frankrike, og drog heim til fødestova. Frå før har Liv Grete og Raphael Emma, som blir seks år i slutten av januar, og Anna (snart to). Ho vart fødd kort tid før Raphael avslutta ei eventyrleg karriere med VM-gull i Anterselva i 2007.

Egil Gjelland er på sin side pappa til fireåringen Kristi, og eitt år gamle Ingri.

Ingen kan skulda dei to for å ha lege på latsida etter at dei gav seg som skiskyttarar.

Egil har også litt anna å stella med: Han er bonde og driv også som bygningstømrar. Dessutan er han i Fusa kommunestyre, for Senterpartiet.

— Egil er effektiv, meiner Raphael.

På traktoren

Han framhevar svogeren som eit unikum til å engasjera og læra frå seg til sine skiskyttarelevar. Og Egil, han er like rosande i sin omtale av makkeren:

— Raphael er ein dyktig trenar, og er veldig godt likt av alle på laget.

Begge ser praktiske føremoner med å bu så tett innpå kvarandre. Skal dei ha eit lite landslagsmøte, er det berre å ta ein kjapp spasertur rett over tunet mellom husa heime på Skjelbreid.

— Vi møtest gjerne til ein prat på traktoren til Egil, smiler Raphael.

— Eller i fjøset, held han fram på sin «fusafranske» dialekt.

Raphael synest det er ei omstilling frå å vera utøver og til å trena andre.

Må gje av seg sjølv

— Som utøvar er du jo veldig egoistisk, og tenkjer berre på deg sjølv. Når du er trenar, må du læra deg å tenkja heilt annleis. Då må du gje av deg sjølv. Eg har ofra mykje i denne idretten gjennom 15 år som utøver. No har eg lyst til å overføra det til andre, seier Raphael.

Han trur dei har mykje å læra bort.

— Vi har trent og konkurrert med dei beste i verda i så mange år, så vi bør ha litt å fara med, meiner duoen.

Dei er også samde om at det er eit sterkt lag dei har fått ansvar for.

I tillegg til utøvarane som er nemnd innleiingsvis, er det fleire unge lovande løparar i 21-22-årsalderen på laget.

— Det er jo fantastisk for desse unge utøvarane å få trena med så gode folk som Lars Berger. Det er generelt høgt nivå i norsk skiskyting, så det blir hard kamp om plassane til verdscupen og VM seinare i vinter, trur Egil Gjelland.

***** Rekruttlandslaget består av: Lars Berger (29), Stian Eckhoff (29), Hans Martin Gjedrem (28), Martin Eng (28), Ronny Hafsås (23), Stian Nåvik (22), Henrik L'Abee-Lund (22) og Dag Erik Kokkin (21).

HAR TATT STYRINGA: Dei tek seg av rekrutteringa både på heimebane og i skiskytterleiren, Raphael Poirée og Egil Gjelland. Med ansvar for eit rekruttlandslag på åtte løparar, og som familiefedrar til fem småjenter heime i Fusa, har dei ikkje akkurat fritidsproblem. FOTO: ANDERS HOVEN, DIGITALSPORT