Dei som byggjer ulovleg skal takast

Frå årsskiftet trappar Bergen kommune kraftig opp kampen mot ulovleg bygging. Oftare byggestopp og strengare straff er blant verkemidla.

Les også:

Ingen etat i Bergen kommune er så utskjelt som Etat for byggesaker og private planar. Men no får kritikarane svar på tiltale.

Avdelinga skal omorganiserast og kursen endrast i ei retning som kjem dei fleste kritikarane i møte:

* Det skal bli vanskelegare å få dispensasjonar frå private og kommunale planar.

* Kommunen skal oftare stoppe bygging til klagene er behandla, såkalla oppsettande verknad.

* Talet på inspektørar som skal sjekke om det blir bygd ulovleg skal doblast, frå fem til ti.

* Kommunen skal oftare ta i bruk straff mot ulovleg bygging, som tvangsmulkt, politimelding og riving av bygg.

* Det kjem nye og klårare reglar for kor mykje utbyggjarar får byggje på tomtene sine, såkalla tomteutnyttingsgrad (TU).

Nøgd velforeining
Byggesakssjef Petter Wiberg seier dei fleste tiltaka vil bli sett ut i livet frå årsskiftet.

Ei endring som alt er gjort er at kommunen no brukar såkalla oppsettande verknad oftare. Det vil seie at utbyggjaren ikkje kan byrje å byggje før klagene er behandla.

- Vi vil no vere veldig forsiktig med å gjere vedtak utan oppsettande verknad viss vi ser at det å la vere fører til at utbygginga kan vere ulovleg, eller at den blir slik at den seinare må fjernast, seier han, og held fram med å vise til eit av dei mest omtalte døma:

- Vi har hatt døme på det har skjedd, og det er veldig uheldig. Svartediksveien er eit av dei som har fått mest merksemd, seier han.

Det er nok ord som vil glede dei mange velforeiningane og naboane, som har kjempa mot ulovlege utbyggingar i Bergen.

- Ja, dette er kjempegode nyheiter for oss. Hadde byggesaksavdelinga jobba slik tidlegare hadde vi ikkje trengd velforeininga, seier leiar Birthe Stenhjem i Svartediket Vel.

- Grunnen til at vi har kjempa er at vi har opplevd at byggesaksavdelinga ikkje har gjort som dei skal, seier ho.

Strengare i strandsona
Ein anna kommunal praksis som har skapt mykje sinne frå naboar er at utbyggjarar ofte har fått fritak (dispensasjon) frå krav i planane for områda dei byggjer i. Det gjeld ikkje minst i Svartediksområdet, som har ein ny og relativt detaljert kommunedelplan.

- Vi kjem til å bli meir restriktive til å gje dispensasjonar. Nokre område peikar seg spesielt ut, som strandsona. Men det vil vere ei generell innstramming, både i høve til kommunale og private planar, seier Wiberg.

Dermed må utbyggjarane oftare lage ein eigen reguleringsplan, men Wiberg trur ikkje det betyr at det vil ta lenger tid å få godkjent utbygginga.

Store saksbunkar
Utbyggjarar i Bergen må òg bu seg på fleire besøk frå kommunens bygginspektørar. Talet på inspektørar skal doblast frå fem til ti, der minst to skal ha kontrollar av byggeplassar som hovudoppgåve.

Desse rykkjer oftast ut etter tips frå naboar og andre, der det har vanka kritikk for at kommunen aldri kjem.

Det at ulovlege utbyggjarar får halde på ustraffa er òg ein gjengangar, som kommunen no grip fatt i.

- I dei tilfelle der det blir bygd ulovleg må ein rekne med at vi kjem til å bruke sterkare verkemiddel enn kommunen har brukt til no, seier Wiberg.

- Kva verkemiddel er det snakk om?

- Det er fleire, til dømes tvangsmulkt, bøter gjennom å melde saka til politiet og at vi kan fjerne bygget, seier han.







Les også

Siste fra Lokalt

Her vil de bygge Norges lengste bro

Prisen er tre milliarder kroner.

- Vi er avhengige av
at bilene får kjøre her

Butikkene på Strandkaien blomstrer etter at gravingen over.

Her heiser de opp forsikringsselskapets bil

- Veldig rart, sier skadedirektøren.

Denne kan vere ein kraftrevolusjon

Det meiner to pensjonistar på Stord, som har pønska ut løysinga.

«I kveld kan det bli
vanskelig å sove»

På Ostereidet barneskule mistet en elev sin stefar denne uken. - Når verden ramler i hop, må skolen vise omsorg.

fakta

* I Bergen står ofte bygningar ferdig innflytta før klagene er endeleg behandla. Då har det vist seg vanskeleg for politikarane å krevje husa rive, viss klagen fekk medhald.

* Sommaren 2005 var leilegheitsblokka Lappen 9 første sak der byrådet gjekk inn for å rive eit større hus. Men bygningsrådet sa nei. Det innvarsla ei politisk kursendring.

* BT og andre media har i tillegg omtalt ei rekkje tilfelle av ulovleg bygging som ikkje blir straffa, og der tiltaka får stå.

Relaterte bilder

VIL HA KORTARE BEHANDLINGSTID: Byggesakssjef Petter Wiberg i Bergen vonar dei nye tiltaka til saman vil få ned behandlingstida av både bygge- og klagesaker. Talet på byggesaker har auka med rundt 20 prosent frå 2005 til 2006. FOTO: Høvik, Tor

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger