Nasen til Goody og fire andre skytefelthundar gjorde jobben. Dei avdekte skarpt blindgjengarskyts som tobeint personell ikkje fann.

I løpet av to veker i sommar oppdaga ekvipasjane frå Forsvarets hundeskule rundt ti skarpe skot, blant anna udetonerte panservernrakettar, ved det tidlegare militære Bømoen skyte— og øvingsfelt ved Skjerve på Voss.

— Maskinar kan aldri erstatta desse hundane. Dei er med på å gjera områda heilt trygge for menneske, dyr og miljø, seier prosjektleiar Pål Skovli Henriksen i Forsvarsbygg Skifte eiendom.

Dei brukar Forsvarets spesialtrente hundar i dei fleste prosjekta for miljøsanering av gamle skyte- og øvingsfelt.

Uskadeleggjort

Dei skarpe funna på Bømoen blei straks uskadeleggjort av Forsvarets personell.

Hundane greier å gjera funn 30- 40 centimeter ned i bakken, opplyser lagførar Øyvind Andersen ved Forsvarets hundeskule.

Han høyrer til dei tre ekvipasjane ved hundeskulen som er øyremerkt oppdrag for Forsvarsbygg Skifte eiendom. Gruppa har sju hundar tilgjengeleg, fem av dei er av rasen belgisk fårehund, to er schæferhundar.

I Noreg har spesialhundar vore i bruk under sanering av gamle skyte- og øvingsfelt sidan 2008. Då starta eit pilotprosjekt mellom Forsvarsbygg og Forsvarets hundeskule på Hjerkinn skytefelt ved Dovrefjell i samband med den store eksplosivryddinga som går føre seg der, etter Stortingets vedtak om nedlegging av skytefeltet.

- Elskar å jobba

— Vi appellerer til jaktinstinktet deira, og hundane elskar å jobba. Dei er opplærte til å markera så roleg som råd er, ved å sitja eller liggja og aldri koma borti objektet dei finn, forklarer Øyvind Andersen.

Dei f

LUKTAR FARE: Den seks år gamle belgiske fårehunden Goody er opplært i Bosnia til å snusa opp skarp ammunisjon. Her på jobb med hundeførar i Forsvaret, grenader Håkon Movik.
Caroline Roka, Skifte eiendom

orstår at dei skal på jobb straks dei får sjå hjelm og vest. Dersom ein hund finn attliggjande ammunisjon i bakken, får han premie i form av ein liten ball å leika med.

— Hundane er spesialavla for søk etter eksplosiv og ammunisjon, derfor passar dei utmerkt til å jobba i skytefelt, seier Simen Rudi, Forsvarets informasjonsmedarbeidar på Sessvollmoen leir der hundeskulen har hovudbase.

Kompetanse frå Bosnia

Avlen skjer i Bosnia med rundt 30 kull i året. Hunderasen Malanois, belgisk fårehund, har vist seg særleg godt eigna til søk i tidlegare skyte- og øvingsfelt, men også schäfer og spring spaniel er i bruk.

Forsvaret har ein samarbeidsavtale med Norsk Folkehjelp sitt hundesenter i Bosnia, der det er etablert god kompetanse i bruk av søkshund i samband med minerydding etter krigen der frå 1992 til 1995.

AMMO-SKROT: Gammalt og ikkje-skarpt ammunisjonsskrot funne ved rydding av skytefelt på Bømoen på Voss. Foto: Skifte eiendom