VESTBLIKK

Det nye tusenåret har skapt forvirring og frustrasjon i den politiske andedammen. Lærdalstunnelen har gjort fylkestingrepresentant Arne Jakobsen usikker på kvar bilane køyrer. Og Jens Stoltenberg er gallup-forvirra av vestlandsregn.

Tusenåret vart innleia med at sunnfjordingen Kjell Opseth ga oss sogningar sjansen til å skryte av at vi har verdens lengste. Kongen klipte snora på han, og vips kom trafikantane gjennom Lærdalstunnelen, på sin veg austover over fjellet; også mange som før ferdast over Hardangervidda.

To år seinare, i 2002, slutta det å regna her vest. Straumprisane gikk i været, og kraftselskapa tømmer pungen til Ola og Kari annankvar månad. Når straumrekninga kjem.

Syndebukkane heiter Bergens Tidende og Kjell Magne Bondevik. Avisa, og serleg eg, får skulda for Viddatrafikk-stagnasjonen. Og «sogningen» Bondevik for straumsjokket.

Den debattivrige fylkestingrepresentant Arne Jakobsen slår i eit harmdirrande innlegg fast at eg driv kampanjejournalistikk mot trafikk over Vidda; med nesten alle bilar gjennom holet frå Aurland til Lærdal som eit synleg resultat på dei offentlege trafikktala.

Stoltenberg er ikkje mindre sikker med si sak.. Smilande på TV-skjermen fortel han om hovedgrunnen til at han og Hill Marta endeleg reiser seg På målingane til Opinion .

Du og eg skal ha forstått at Bondevik er straum-skurken. Bondevik, med alle sine gener henta frå ursogningar, har ikkje fiksa vatn i magasina her vest framfor denne vinteren (Stoltenberg i NRK 18. januar).

Eg skal ta på meg all skuld for Vidda-nedturen. For som sogning har eg påstått skråsikkert at verdens lengste er sikraste vegen aust-vest. Og eg har bringa vidare folkeopplysning frå Statens Vegvesen si brosjyre. Den som åtvarar mot kolonnekøyring, i kuling og snøføyke, der ein knapt skimtar vegkant eller bilen framfor seg. Når eg set by-line på slike åtvaringar driv eg reinspikka kampanje. Mot hardingar og øvre hallingdøler meiner Jakobsen.

Greitt nok at det står i brosjyren at det er viktig med varme klede, varm drikke og masse mat; i ein lang kolonne; serleg om ein skulle bli sitjande i bilen med små ungar i timesvis. I snøstorm. Men der går ei grense for kvar slik åtvaring bør publiserast. Det må halde med brosjyren.

No ventar eg på nye kampanje-teoriar, ein konspirasjon mellom villreinen og meg. For eg har skrive at villrein ikkje likar vinterbrøyting. Og no får bukkane og simlene viljen sin. Reinen skal få forkøyrsrett; det blir grønt lys for svoltne drektige simler, og raudt for bilane på vinterstid. Vidda-vegen blir rett og slett stengt når reinen nærmar seg. Kampanjen for å krysse vegen, til matfatet og saftige beiter, har ført fram. Ein rein-kampanje på Vidda.

Og så Stoltenberg då! Du var energiminister sist det ikkje regna på Vestlandet.. I 1996. Og då gjorde du, klokeleg nok, ingenting Som god økonom forsto du at pris på kraft vart bestemt av tilbod og etterspørsel. Og at tilbodet på straum i dette landet blir bestemt av vêret på Vestlandet. Og det var her vatnet svikta i fjor haust, som det gjorde i 1996.

Om nokon difor skulle peikast ut som syndebukk måtte det vera Vårherre. Og akkurat like sikkert som Stoltenberg vart bønnhøyrt i 1996, då det pøsa ned og skylla bort all straumkritikken i god tid før energiminister Stoltenberg opna julepakkane i desember 1996, like sikkert vil Bondevik og Einar Steensnæs bli bønnhøyrt. Ein eller annan gong i 2003.