Klokka er sju. Det er ein jamn straum av arbeidarar som dreg på seg blå plastposar utanpå skoa på veg inn til kantina i anleggsleiren på Mongstad. Det er minst like mange som går andre vegen, med ei svær nistepakke i handa. På eit oppslag står det at det ikkje er tillate å gå med arbeidsklede.

Johnny Larsen og Per Kristensen har ete frukost saman i åtte år. Sidan mars har dei hatt kvart sitt rom i ei av brakkene på Mongstad, tidlegare har dei vore vekependlarar heime i Danmark.

– Det er ikkje så mykje arbeid i Danmark, det er lettare her, forklarar Johnny.

Johnny forsyner seg av cornflakes og mjølk. Per finn litt varmmat. Dei treng energi, seinare skal dei utføre oppgåver som krev at dei ikkje gjer ein einaste liten feil.

Ti på, fire av
Det er fire dagar sidan dei kom med fly til Flesland. Då er det seks dagar til dei skal sove i si eiga seng. Vekene, månadene og åra går slik – ti dagar på og fire dagar av. Dei jobbar for det danske firmaet Promecon.

Parallelt med kantine- og administrasjonsbygget går hovudvegen i anleggsleiren. Det er ikkje mange bilar, men folk. Og syklar. Langsmed vegen ligg brakkehusa tett.

Første september skal brakkene byttast ut med ein ny anleggsleir. Den har plass til 2300 gjester. Dagens leir er mellombels heim for 900 arbeidarar. 200 av dei er frå Danmark.

– Det er flest danskar som syklar, seier Johnny. Han og Per syklar alltid. Først frå brakka til kantina, så til arbeidsplassen, så fram og tilbake til lunsj, så heim for kvelden.

– Det er så lange avstandar her, så då er det bra å ha ein sykkel, seier Per. Johnny har malt sine initialar i kvitt på den svarte forskjermen.

Liten sveisar
Dei to arbeider med røra som skal gå inn til det omstridde gasskraftverket på Mongstad. Ved årsskiftet 2009-2010 skal det stå klart. Då skal røra Johnny og Per lagar, frakta gass frå raffineriet og bort til gasskraftverket. Og gasskraftverket, som StatoilHydro sjølv kallar for kraftvarmeverket, skal gje energi tilbake til Troll A og raffineriet.

– Alt det her har vi vore med å laga, seier Johnny og peiker opp mot der kor røyra skal kome om litt. Førebels liknar det eit skjelett.

– Det kallast røyrbru, forklarar Johnny.

Danskane går tretti trinn opp i eit stillas. Inn under ein presenning, ned på alle fire. Under eitt røyr, så eitt til. Johnny hoppar opp på eit røyr og set seg for å finpusse enden på det med sveisemaskina.

– Ein fordel å vere liten som sveisar, seier han. Med sine litt over 160 centimeter kjem han seg smidig fram. Per brettar ut teikninga av eit røyr framfor seg.

Vil gje seg
– Det røyret her skal vere 23350 millimeter langt. Vi tek røntgenbilete av kvar einaste skøyt. Det må ikkje vere feil, seier han.

I eitt år til skal dei to arbeide på Mongstad. Så vil dei dra attende til heimbyen Tønder, på grensa til Tyskland. For Per sin del nærmar det seg snart slutten på livet som pendlande industriarbeidar.

– Eg skal slutte om to år.

– Kvifor?

– Min kone forlanger det. Eg har reist i 17 år og har ikkje vore så mykje heime. Eg rekkjer til dømes ikkje å male huset.