Elisabeth Aasen får prisen for framifrå bokmål i sakprosa. Jon Hellesnes får Språkprisen 2010 for framifrå nynorsk i sakprosa.

— Dei er kunnskapsrike forskarar som vender seg til ei brei offentlegheit med bøker som både er velskrivne og vesentlege, seier juryen.

Språkprisen er Språkrådets pris for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa. Vinnarane får 50.000 kroner, eit trykk av Kjell Nupen og eit diplom kvar. Språkprisen vert delt ut på konferansen Språkdagen 2010 i Oslo Konserthus.