• Oh, shit! Sjå folkens, masse snø! Dean Rich Nesse (10) sit på skulebussen og peikar på kvite fjelltoppar. Endeleg er han her - i pappas vinterland.
NORSK PÅ SKJERM: Via eit dataprogram lærer Dean norske preposisjonar. Erica M. Osland og Emma Areklett følger med frå sidelinja.
TOR HØVIK

Ved ein dataskjerm i klasserommet på Byrknes skule sit Dean Rich Nesse og øver på norske preposisjonar. Han klikkar på teikningar og lyttar. Så går han tilbake til pulten sin og løyser oppgåver med blyant.Mellomtrinnet på Byrknes har 19 femte-, sjette— og sjuandeklassingar i eitt rom. Ein av elevane, guten med mariusgenser og mørk lugg som no sit bøygd over oppgåveboka, har ei heilt spesiell livshistorie. Det tok nesten ti år før han fekk flytte frå Filippinane for å leve saman med adoptivforeldra Wilma og Erling Nesse på familiegarden i Gulen.

Engelsk og norsk

— Dean, har du gjort ferdig samfunnsfag? spør lærar Torill Birknes.

— Ja, svarer Dean.

— And you managed?

Det går framleis på engelsk og norsk, men fire månader etter at han flytta hit, kjem det stadig fleire (ny) norske glossar.

Gym, fotball og friminutt er det beste med skulen, synest Dean. I Norge er det fleire friminutt og kortare skuledagar enn på Filippinane. Fotballen brukte han også ved huset på øya Cebu, der han budde med mamma Wilma og andre som passa han når ho måtte heim og for å jobbe på fiskemottaket og leve med mannen sin i Gulen.

Korkje huset deira eller nære familiemedlemmer er råka av tyfonen som øydela så mykje på Cebu. Men det gjer likevel vondt å sjå TV-bileta frå Wilma og Dean sitt tettfolka og fattige heimland.

GODE BUSSAR:- Dean! Sant, you are my bestfriend, seier ei jente på skulebussen. - Nei, me and Didrik are bestfriends, svarar Dean. Han vekslar framleis mellom engelsk og norsk, men dialekta er snart på plass. Her sit han med Didrik Mjanger. Dina Louise Natås Unneland står bak dei og Isak August Natås Unneland sit bakerst.
TOR HØVIK

Vaflar og PlaystationSkulebussen svingar gjennom kvitt landskap. Her er det langt mellom husa og langt færre folk enn på Filippinane. Elevane bak i bussen syng ylvisklassikaren om reven og andre hits for kids. Dean ler, syng og snakkar — på engelsk og norsk. Peikar stadig ut på snøen.

Etter eit par mil stoppar bussen nedafor garden der han no er odelsgut.

— Hei pappa, seier Dean og klemmer faren som steiker vaflar på kjøkenet.

Både snø og vaflar - for ei lykke! Dean et med stor appetitt før han startar ein fotballkamp på Playstation. Når han spiller mot far sin, vinn han nesten alltid.

— Han liker ikkje at eg dreg ut på andre ting. Då eg skulle på møte i Bondelaget, ville han bli med dit òg, fortel Erling.

Mor i huset er framleis på jobb i fiskemottaket. Men far og son veit å hygge seg åleine.

— Meir vaffel, ber tiåringen.

- Feil at media må til

Deans biologiske mor på Cebu var åleine med tre barn og trudde ikkje ho makta å fø eit til, då ho oppdaga at ho var gravid. Det barnlause ekteparet i Gulen sa dei ville ta ansvar for barnet ho bar. For å sikre at alt gjekk bra med mor og barn, betalte dei for svangerskapskontroll. Dei meiner at dei med det blei mistenkte for menneskehandel, og at det er orsaka til at alt blei så vanskeleg.

Erling Nesse er sikker på at den norske adopsjonen løyste seg fordi BT skreiv om dei.

— Det er for gale at ein må i media for å løyse slike saker. Det bør ikkje vere slik. Men no er det stor stas at vi alle er samla. Dean hadde aldri vore i Norge før då han kom i juli. Men det verka som han kom heim, han slo seg straks til ro her.

ENDELEG SAMAN: Det tok Wilma og Erling Nesse nesten ti år å få Dean heim til garden i Gulen. Far og son set pris på at dei endeleg kan spele og fiske saman.
TOR HØVIK

Ein million kronerEkteparet Nesse har brukt mykje tid og pengar på å få guten til gards.

— Med tap av inntekt, reiser, advokat og pass av Dean har vi vel brukt ein million kroner på å få han hit, seier mjølkebonden og kikkar bort på sonen med eit smil.

I gangen har far og son kvar si fiskestong dei gjerne bruker om søndagane. På ein knagg heng Deans nye kjeledress frå Felleskjøpet. Det hender han er med far i fjøset. Men fotball, Ronaldo, Messi og Playstation ruler.

— Kva er den største skilnaden på Filippinane og Norge, spør vi.

— Snø, svarer Dean.