• SJÅARSUKSESS: Linda Eide og "Norsk attraksjon" var med 1.087.000 sjåarar det tredje mest sette programmet på norsk TV førre veke. FOTO: NRK

Datt nesten av stolen

Linda Eide var heldig med stolvalet då ho såg «Norsk attraksjon» teksta på bokmål.

- Eg sat heime i stova hjå ho mor, som har teksting på TV-en, og der kom «Norsk attraksjon» med tekst-TV-teksting på bokmål. Då heldt eg på å ramla av stolen, og hadde det vore ein krakk, ville eg iallfall ha lege der, seier programleiaren frå Voss.

I «Norsk attraksjon» leitar ho land og strand rundt etter spesielle attraksjonar – og programmet har blitt ein hit blant sjåarane, med over ein million sjåarar i veka.

- Bokmålstekstinga kan jo berre skuldast ein glipp, eller ein tabbe, for det passar jo sjølvsagt mykje betre med nynorskteksting på «Norsk attraksjon» – det såg eg veldig tydeleg då. Mi stemme er veldig til stades, og lyden av min dialekt kling desidert best att i nynorsken.

NRK ordnar opp

Likevel ordnar det seg truleg for nynorskprofilen – NRK har nemleg lova å sjå på saka.

Statskanalen har eigne retningsliner for vanleg teksting av program – då skal det tekstast på den målforma som ligg nærast det som blir framført i programmet, opplyser Rune Møklebust, programsjef ved NRK Hordaland.

Teksting via tekst-TV er først og fremst eit tilbod til døve og høyrslehemma, og Møklebust kjenner ikkje til retningslinene til desse.

- Me ser at dette kan verka litt rart, og skal sjå kva me kan få gjort med det, seier han om bokmålsteksten på nynorskprogrammet.

Les også

Siste fra Lokalt

-Vurderte å trekke Tooji fra finalen

Nrk-team avkledd og forhørt.

Satt i varetekt og mistet jobben
etter falsk anklage om voldtekt

Nå er kvinnen dømt. - Dommen gjør litt opp for det jeg har vært gjennom.

Gasslekkasje på plattform

Mannskap sendt til livbåtene.

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger