— Forferdeleg irriterande, seier teamleiar Jan-Fredrik Carlsen ved IT-avdelinga på Haukeland. Eit skrivebord er dekt av glasskår, på golvet ligg to solide brusteinar. Inntil natt til søndag låg steinane i ein kasse utanfor IT-bygget ved sjukehuset.

-Alarmen gjekk klokka 00.30. Då vaktene kom, var tjuvane allereie vekke, seier Carlsen.

Har bestilt laminert glas

Vekke var også åtte splitter nye bærbare PC-ar. Kvar av dei kosta ca. 20.000 kroner, og var klare for bruk av legar og sjukepleiarar.

Kontoret der maskinene blir klargjort ligg i første etasje, og tjuvane hadde dermed lett tilgang gjennom vindauget.

— Vi har alt bestilt laminert glas, seier Carlsen, som har ansvaret for å levere ut datautstyr til heile Helse Vest. Innbrotet er det tredje avdelinga blir utsett for på kort tid. I tillegg har dei hatt eit innbrotsforsøk.

Politiet hadde i går få konkrete spor å gå etter.

— Vi var der oppe natt til søndag. Det er vanskeleg å vite kor godt planlagt dette var. Men det er klart det er ein marknad for slikt nytt datautstyr, seier politiførstebetjent Claus Mathiesen ved tjuveri- og brannavsnittet i Hordaland politidistrikt.

Bølgje av PC-raid

Teamleiar Carlsen arbeidde i går med å gi vidare serienummer på maskinene til leverandør og politi.

— Dei fekk ikkje med seg kablar og anna nødvendig utstyr. Det vil heller ikkje vere råd å logge seg på maskinene, seier Carlsen.

Det har den siste tida vore fleire PC-raid i Bergen. I september vart to estlendarar tatt med 61 bærbare datamaskiner, i tillegg til anna datautstyr. Det meste av utstyret var tatt frå Telenors bygg på Kokstad.