— Sjå den fine snøen på trea!

— Eg vil fotografera kvit snø!

I Prestagardskogen barnehage på Stord myldrar femåringane rundt i skogen med små digitale fotoapparat. Eit tre, ei hytte, eller ei venninne. Knips, så er dei foreviga.

— Det er spanande å sjå kva barn tek bilete av. Dei har eit heilt anna fokus enn me vaksne, seier pedagogisk leiar Mette Solemdal.

Med fotoapparata fulle av blinkskot er vegen kort til datamaskinen. Mari Røssberg (5) og Hedda Andreassen (5) pluggar leidningen frå datamaskinen i kamera.

— Hugsar de korleis me gjorde det, spør barnehagetanten.

— Det veit me, kjem det kontant frå Hedda.

Like etter dukkar bileta opp på skjermen og jentene kan velja kva dei vil skriva ut.

Regjeringa ønskjer no at alle barn i barnehage skal få kjennskap til bruk av digitale verktøy. I Prestagardskogen surfar barna allereie på IKT-bølgja. Dei har nemleg delteke i eit internasjonalt forskingsprosjekt om temaet.

- Trugsel mot fri barndom

— Mange barnehagar har så langt vore skeptiske til at IKT og multimedia skal inn i barnehagen. Dei ser på det som ein trugsel mot den frie barndomen, seier høgskulelærar Marta Sinnerud ved Høgskolen Stord/Haugesund.

I tre år har ho saman med fire andre høgskular og Universitet i Belgia, Nederland, England og Portugal studert kva rolle IKT og multimedia bør ha i barnehage og småskule. Prosjektet er no avslutta.

— Eg meiner IKT bør vera eit element i barnehagen fordi det har blitt ein del av barna sin kvardag generelt. Men dei vaksne bør sjølvsagt vera kritiske rettleiarar på kva som er bra og ikkje bra, seier Sinnerud.

Erstattar ikkje måleskrinet

Framleis ser ho at bruken av IKT i barnehage er personavhengig. Det krev eit personale med interesse, men dette er i ferd med å snu.

— Nye generasjonar førskulelærarar, som sjølv har vakse opp med data, kjem no ut i barnehagane.

Det er ikkje grenser for kva barn kan finna på med ein datamaskin. Teikning, skriving, leik med tastatur, leggja inn bilete og film, prenta ut, søkja på Internett, skanna inn eigne teikningar og jobba med dei på datamaskinen.

— Saman med vaksne veit me no at barn kan takla dette, seier Sinnerud.

Ho strekar under at datamaskinen aldri kan erstatta måleskrinet, leiren og den gode leiken i barnehagen.

— Data bør vera eit supplement. Det kan bli for mykje og må ikkje erstatta allereie gode pedagogiske metodar.

- Må tåla ein støyt

I Prestagardskogen er IKT blitt ein del av kvardagen for barna. For tida er kunstnaren Edvard Munch tema, og kva er meir naturleg enn å la barna fotografera kvarandre medan dei hermar etter måleriet «Skrik».

Tidlegare har dei laga veggavis med sure og glade fjes, eventyrbøker med eigenproduserte motiv og memory-spel med bilete av barna.

— I staden for å nytta dei spela me kjøper i butikk, fekk barna produsera sitt eige spel. Dei liker å sjå bilete av seg sjølv, fortel Solemdal.

Ho trur ikkje det blir vanskeleg for andre barnehagar å gå i gang med liknande satsing.

— Dei fleste barnehagar har utstyret som trengst. Ein datamaskin, kamera og skrivar. Det er berre å la barna få tilgang til det.

— Tåler utstyret det, då?

— Me har valt billige kamera som er enkel i bruk og tåler ein støyt. Ingen er øydelagde så langt.

Forskar Sinnerud har stor tru på IKT-barna si framtid.

— Dei får med seg kunnskapar som andre ikkje får. Dei blir nok små dataekspertar skal du sjå, seier Sinnerud.

TOR HØVIK
TOR HØVIK
TOR HØVIK
TOR HØVIK