• Ryktene om min død var sterkt overdrevet, seier «data-dama» i Voss kommune.

Etter fleire media-oppslag dei siste dagane om at Voss kommune sitt automatiske sentralbord med den mykje omtalte «data-dama» skulle ha «gått i døden» som følgje NST-konkursen, er det ei glede å kunna melda at når det nå er fredag og stundar til helg, så er dama frisk og rask att!

Det skulle då også berre mangla! NST-verksemda går uavbrote i regi av bustyret og Voss Eigedom; og også tenesta med det automatiske sentralbordet i Voss kommune held fram som før.

«Data-dama» har berre vore ute av funksjon ein kort periode, som følgje av eit «kommunikasjons-virus»...ikkje ulikt andre virus-plaga vestlendingar i desse dagar.

Mange vil kanskje sjå det som eit aldri så lite «menneskeleg» trekk ved data-teknologien dette å la seg slå ut av slik «virus»; men kvikna til att når det stundar til helg?

I alle høve er det eit faktum at «data-dama» i Voss kommune sitt automatiske sentralbord vil møta innringjarar som før med sitt kjende: «...velkomen til Voss kommune...».

Til glede for somme. Til irritasjon for andre? Og høyrer du vel etter; kven veit om du ikkje kan gjenkjenna eit ørlite spor av glede i data-røysta, over å vera oppegåande att?

Dette skriv Voss kommune i ei pressemelding.