Det er data til frukost, middag, kvelds og nattmat. På rekkje og rad står 300 dataskjermar, mengder av Cola-flasker og Battery-boksar og chipsposar. Under bordet er det stua soveposar og liggeunderlag. «IPX 2002» er her.

— Fin premie, kjapt internett, godt oppsett og stabilt nettverk, forklarer kjæresteparet Kathrine Søfteland (16) og Frank Johan Karlsson (17) frå Os som attraktivt ved «IPX 2002» .

300 jenter og gutar frå Hordaland og Rogaland brukar vinterferien til Stord-treffet for å bli betre kjent med nettet og med andre på nettet, og for å konkurrera seg fram til hovudpremien på 5000 kroner som blir tildelt vinnarlaget på avslutningsdagen i dag.

Higher Society

THS (The Higher Society) heiter Os-laget som i går kjempa for å nå finalen i kampen om hovudpremien i Counterstrike-spelet.

— Sist natt la vi oss i skapeleg tid, i halv tre-tida, for å vera opplagte til konkurransen, sa Kathrine Søfteland. Ho stod opp i ellevetida.

Kathrine og Frank Johan er ikkje blitt kjærestar på nettet, men dei meiner forholdet er blitt forsterka gjennom felles datainteresse. Ingen av dei omtalar seg som datafrikar, Frank Johan trur han gjennomsnittleg brukar to timar dagleg framfor dataskjermen.

I alt 600 unge

Anders Helland og Geir Inge Imsland er to av arrangørane bak IPX (Internetworking Packet Exchange). Dei fortel at det fire døger lange treffet har like mange gjester som deltakarar. Deltakarane har kvar sin datamaskin med, gjestene får kjøpa seg plass ved tastaturet ettersom det er ledig kapasitet.

Den nedre aldersgrensa er 14 år. Den 40 personar store arrangørstaben meiner Stord-treffet er attraktivt blant anna på grunn av sitt raske lokalnettverk. Sju serverar er leigde inn for å ta unna trafikken frå 300 personlege maskinar.

DATATREFF: Os-gjengen The Higher Society satsa hardt på å nå til topps i spelkonkurransen på datatreffet på Stord. Frå v. Kathrine Søfteland (16), Frank Johan Karlsson (17), Frode Haugland (15) og Tommy Mjelde (17).
Foto: Ove Olderkjær