Det er fylkesrådmann Paul M. Nilsen som tilrår dette i ei sak som samferdsleutvalet skal drøfta tysdag ettermiddag. Fylket sin del til Bergensprogrammet skal fordelast over perioden 2002-2011.

— Dette går ikkje an. Fylket kan ikkje koma med slikt utspel berre eit par månader etter at Stortinget har vedteke opplegget for bompengefinansiering av Bergensprogrammet, seier Arbeidarpartiets fraksjonsleiar i samferdsleutvalet, Arne Jakobsen, til Bergens Tidende.

Sterk slitasje

Men det er inga usemje om at det hastar med å reparera nokre fylkesvegbruer. Vegsjefen har i brev til fylkeskommunen skrive at det er kritisk for Tofterøy bru, Strøno bru og Herdlasundet bru. Slitasjen har gått mykje fortare og kome mykje lenger enn dei hadde venta. Utan reparasjonar innan kort tid, kan det verta naudsynt å setja ned akseltrykket eller kanskje til og med stengja bruene for trafikk.

Fylkesrådmannen foreslår derfor at desse tre bruene får tilsaman vel 30 millionar kroner frå investeringsbudsjettet i perioden 2003 til 2005. Lenger er det ikkje tilrådeleg å venta.

Det er fleire bruer enn dei tre på vegsjefen si liste, men dei får venta til fylkesvegplanen 2006-15.

Uvisst for Jondalstunnelen

Men samstundes har fylkeskommunen berre 40 millionar kroner årleg å investera med, mot 50 millionar som fylket trudde det ville ha for to-tre år sidan. Det betyr at mange kommunar må venta mykje lenger enn dei hadde tenkt for å få attende pengar dei har forskottert i vegutbetring; det ein kallar refusjonar . Forslaget går ut på at 128,9 millionar kroner i refusjonar først kan betalast attende etter 2011.

Det gjer ikkje saka lettare at Jondalstunnelen framleis er fylkesveg. I fylkesvegplanen står tunnelen oppført med 30 millionar kroner i 2005. Då er det ikkje mykje att til trafikksikring, gang- og sykkelvegar, rassikring, tunnelsikring og andre tiltak.

Treng tid

— Vi treng tid til då sjå nærare på dette. Fylkesrådmannen legg opp til at heile denne saka skal til fylkesutvalet og fylkestinget same dag, 11. mars. Desse nye føresetnaden får så store fylgjer at vi må utsetja saka til juni-tinget. Det vil eg få dei andre partia med på, seier Arne Jakobsen.

— I mellomtida må vi arbeida hardt inn mot regjeringa og Stortinget for å få meir pengar gjennom revidert nasjonalbudsjett. Dette går ikkje lenger. Nasjonal Transportplan er i ferd med å smuldra opp, seier Arne Jakobsen.